Solheim deltek på internasjonalt toppmøte om Somalia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 21.02.2012
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er til stades på høgnivåmøtet om Somalia i London, torsdag 23. februar.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er til stades på høgnivåmøtet om Somalia i London, torsdag 23. februar.
Det er Storbritannia sin statsminister David Cameron som arrangerar toppmøtet. Der vil mellom anna dei somaliske leiarane delta, saman med leiarar frå nabolanda. FNs generalsekretær Ban Ki-moon, FNs naudhjelpskoordinator Valerie Amos og USAs utanriksminister Hillary Clinton er også blant deltakarane.
Møtet finn stad i London, 23. februar, frå klokka 10. Les meir om toppmøtet her.
Som fyrste norske statsråd var Solheim på besøk i hovedstaden Mogadishu i Somalia søndag. Der møtte han fleire kvinner, barn og menn som har flyktet inn til byen fra tørke, sult og terror på landsbygda. Sjå bilete frå besøket her.
– Etter 20 år med krig og konflikt treng Somalia ein ny giv. Det må kome frå både internasjonale styresmakter og frå dei politiske leiarane i Somalia, sier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Over 40 land og internasjonale organisasjonar deltek på toppmøtet. Målet er å bli einige om korleis Somalia og det internasjonale samfunnet betre kan takle dei grunnleggjande årsakene og effektene av problema i landet. Det handlar særskilt om tryggleik, den politiske prosessen, lokal stabilitet, anti-terror, sjørøveri, den humanitære krisa og internasjonal koordinering.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459 (med på reisa). Eventuelt kontakt pressevakta for utviklingssaker 913 95 000.
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.