Historisk arkiv

Norge vil utvide dialogen med Cuba

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Miljø- og utviklingsministar Erik Solheim besøkte Cuba 8. og 9. april. Under besøket vart to avtalar underteikna, noko som legg eit godt grunnlag for vidare dialog og samarbeid mellom Norge og Cuba.

Miljø- og utviklingsministar Erik Solheim besøkte Cuba 8. og 9. april. Under besøket vart to avtalar underteikna, noko som legg eit godt grunnlag for vidare dialog og samarbeid mellom Norge og Cuba.

Solheim tilbrakte 30 effektive timar på Cuba. Møter med fire departement, kardinalen, sivilforsvaret og Cubas Røde Kors gjorde at Solheim fekk eit godt innblikk i den politiske og økonomiske situasjonen på Cuba samt diskutert ei rekke spørsmål som er viktige for vidare samarbeid. Under besøket vart det bekrefta at forbindelsane mellom Norge og Cuba no er fullt ut normalisert. Dette gir moglegheit for ein open dialog med kubanske myndigheiter og om spørsmål der Norge og Cuba står langt frå kvarande i synspunkt. Under møtet med den kubanske utanriksministaren, Bruno Rodriguez, tok Solheim opp sentrale menneskerettsspørsmål og situasjonen for politiske fangar.

Førebuing av klimatoppmøtet i Mexico i desember 2010 (COP16) sto og sentralt i Solheim sine samtalar i Havanna. Til trass for betydeleg usemje om kva tiltak som bør prioriterast, var det semje om at Norge og Cuba skulle halde nær kontakt i dei vidare førebuingane av toppmøtet.

Samstundes som Norge ynskjer å vidareføre dialogen rundt tema Cuba og Norge har ulike meiningar om, ynskjer vi å vidareutvikle samarbeidet på områder av felles interesse. Eit godt døme på konstruktivt samarbeid er avtalen Norge og Cuba inngjekk for å yte medisinsk assistanse til ofra etter jordskjelvet på Haiti. Vidare er NGO-samarbeidet viktig for det bilaterale forholdet. UD har dei siste åra støtta Norges Røde Kors sitt samarbeidsprosjekt med Cubas Røde Kors. Hovudfokuset er på katastrofeberedskap og risikoreduksjon.  Under besøket fekk Solheim saman med generalsekretæren i Norges Røde Kors, Børge Brende, ein praktisk smakebit av dette samarbeidet. 

Solheim og Cubas utanriksminister Rodriguez underteiknar erklæring om bistandssamarbeid. Foto: UDUnder besøket signerte Solheim og den kubanske utanriksministaren Bruno Rodriguez ein erklæring om gjenopptaking av det bilaterale samarbeidet. Denne erklæringa er eit viktig steg for det framtidige samarbeidet og vil gjere det lettare å utvikle områda av felles interesse, som t.d. fiskerioppdrett og petroleumsforvaltning.  Solheim signerte og ein intensjonsavtale om samarbeid om førebygging av naturkatastrofar og miljø. Med denne avtalen håpar ein å kome eit steg vidare i å konkretisere St. meld. nr. 9 (2007-2008) Norsk politikk for forebygging av humanitære katastrofer, der Cuba er utpeikt som eit av fire land Norge ynskjer eit nærare samarbeid med.