Finansdepartementet har i dag redusert talet på forskrifter
kraftig. Departementet har samla 30 ulike forskrifter for
særavgifter i ei, felles
forskriftmed likelydande ordlyd. Denne omlegginga gjer reglane mykje
enklare for næringsdrivande og andre som skal berekne og betale inn
avgiftene.
Reglane blir no like for mange
varer med avgifter, til dømes bensin, diesel, tobakk, alkohol og
sjokolade. Dei nye reglane innebær at næringsdrivande og andre som
skal betale særavgifter på ulike varer no kan setje seg inn i eitt
regelverk og ei forskrift i staden for ei rekkje ulike forskrifter
for ulike varer. Prosedyrane for mellom anna innførsel, kontroll og
krava til dokumentasjon blir no dei same. Det same gjeld reglane
for innbetaling. Oppryddinga i denne "avgiftsjungelen" har vore eit
omfattande arbeid som departementet no er tilfreds med å kunne
sluttføre. Det har vore eit problem at dei avgiftspliktige har hatt
så mange ulike reglar å halde seg til, og endringane no vil bøte på
dette.
Uaktuelle forskrifter
Samstundes med denne forenklinga,
blir ei forskrift oppheva fordi ho ikkje lenger er aktuell. Det er
forskrift om lageravgift på mineralolje til motorvogn. Avgifta for
flyging av passasjerar fell bort frå 1. april 2002.