To nye skatteavtaler, med Irland og Argentina, får verknad
frå 1. januar
Irland
Den nye avtalen kjem i staden for
skatteavtalen av 21. oktober 1969. Det er i ein overgangsregel
slått fast at 1969-avtalen skal halde fram å gjelde for utbytte som
delas ut i 2002 dersom denne avtalen gjev betre vilkår.
Verknadstidspunktet for Irland er endra, slik, at den også der får
verknad frå 1. januar. Avtaleteksten med merknader er teke inn i
St.prp. nr. 33
(2000-2001).
Argentina
Avtalen vart sett i kraft 30.
november 2001 og får såleis verknad fyrste gong 1. januar 2002.
Avtaleteksten med merknader er teke inn i
St. prp. nr. 31
(1997-98).
Dei nemnde proposisjonane finnest
her. Den spanske
teksten til avtalen med Argentina kan om ynskjeleg fåast ved å
vende seg til Finansdepartementet.