Finansminister Per-Kristian Foss fekk i dag 31. oktober
overlevert ei samrøystes
utgreiing med forslag
til ny lov og forskrift om bokføring. Utvalet har vore leia av
statsautorisert revisor Trond Tømta.
Utvalet foreslår fleire
forenklingar i regelverket, mellom anna at bokføringspliktige i
utgangspunktet fritt kan velje korleis opplysningar skal
oppbevarast. Bokføringsutvalet foreslår og at bokføringsreglane
samlast i ein eigen bokføringslov. Loven skal erstatte kapittel 2 i
Rekneskapsloven. Lovforslaget inneheld mellom anna reglar om
bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av
rekneskapsopplysningar.
Utgreiinga vil bli sendt på høyring
med tre månaders frist.
Spørsmål kan rettes til leiar i
utvalet, statsautorisert revisor Trond Tømta, telefon 23 16 00 00.
Sjå og eigen
pressemelding frå
Bokføringsutvalet.