Pressemelding, 20.12.2003

Publisert under: Regjeringa Bondevik II

Utgivar: Finansdepartementet

Status: Arkivert

Pressemelding

Nr.: 128/2003
Dato: 20.12.03
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09 / mobil 91 32 28 11, Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31 / mobil 95 21 42 83

Endring av rentesatsane ved restskatt og tilbakebetaling av skatt

Finansdepartementet har redusert rentesatsane ved restskatt og tilbakebetaling av skatt med verknad frå skatteoppgjeret for 2003.

Bakgrunnen for renteendringane er nedgangen i rentenivået gjennom 2003. Dette har ført til at disse rentene er for høye i forhold til dagens marknad, noko som kan påverke skatteinnbetalinga.

Formålet med disse rentene er å stimulere til mest mulig korrekt skatteinnbetaling, verken for lite eller for mye. Derfor blir satsane for rentetillegg av restskatt sett ned frå 4,5 prosent til 2,8 prosent for de som får skatteoppgjøret i juni, og frå 5 prosent til 3,1 prosent for de som får skatteoppgjøret om hausten. Satsane for rentegodtgjering ved tilbakebetaling av forskot på skatt reduserast frå 4 prosent til 2,5 prosent for dei som får skatteoppgjeret i juni. For dei som får skatteoppgjeret om hausten reduserast satsane for rentegodtgjering frå 5 prosent til 3,1 prosent. Enkelte andre rentesatsar er også redusert på same vis.

cms01