Førde Internasjonale
Folkemusikkfestival er frå 2005 foreslått som knutepunktfestival
under Kultur- og kyrkjedepartementet. Det statlege tilskotet til
festivalen blir auka til to millionar kroner.
- Folkemusikkfestivalen synleggjer
folkemusikken både nasjonalt og internasjonalt og set derfor denne
musikkforma inn i ei breiare ramme. Dette er svært positivt.
Folkemusikkfestivalen i Førde er dessutan den einaste av sitt slag
i Noreg. Det er derfor gledeleg at festivalen no blir styrkt slik
at han bli endå betre, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd
Svarstad Haugland.
Som knutepunktfestival vil Førde Internasjonale
Folkemusikkfestival få 60 prosent av det offentlege tilskotet frå
staten og 40 prosent frå regionen. Det vil gje festivalen eit samla
offentleg tilskot på 3,3 millionar kroner i 2005, ein auke på vel
50 prosent frå 2004.
Førde Internasjonale
Folkemusikkfestival fekk i 2004 det statlege tilskotet sitt frå
Norsk kulturfond. Framlegget for 2005 om Førde Internasjonale
Folkemusikkfestival som knutepunkt på Kultur- og
kyrkjedepartementet sitt budsjett vil ikkje gje tilsvarande
reduksjon i tilskotet til Norsk kulturfond. Dette vil koma andre
festivalformål til gode.