Avgjerda i Borgarting lagmannsrett
legg ned forbod mot å innføra einerettsmodellen inntil rettskraftig
dom foreligg. Samtidig blir det nedlagt forbod mot å avslå søknader
frå operatørane om fortsatt oppstilling av automatar etter 1.
januar 2005, grunngitt med eineretten.
- Denne avgjerda tvingar fram ei midlertidig vidareføring av
dagens uheldige automatregime. Eksisterande oppstillingsløyve blir
forlenga fram til og med 30. juni 2005, samtidig som utplasseringa
av Norsk Tipping sine automatar blir stansa, seier kultur- og
kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
- Eg reknar med at det andre
halvåret neste år vil foreligga ein rettskraftig dom i saka som
avklarar kva for alternativ norske styresmakter har i følgje
EØS-avtalen til å regulera automatmarknaden på ein sosialpolitisk
ansvarleg måte, kommenterer statsråd Svarstad
Haugland.
- Dei signala eg får frå
behandlingsinstitusjonane for spelerelaterte sjukdommar er
eintydige, nemleg at den noverande utviklinga av automatmarknaden
medfører problem for stadig fleire. Eg vil derfor ikkje etterlata
tvil om at det er mi hensikt å foreta radikale endringar i dagens
gevinstautomatmarknad og at eg framleis håpar å få medhald i at ein
einerettsmodell kan leggast til grunn for vår regulering av
automatmarknaden slik Stortinget har vedtatt, understrekar Svarstad
Haugland.
Spel på gevinstautomatar er no
heilt ute av kontroll. Medan automatomsetninga i 2001 utgjorde om
lag 9 milliardar kroner, auka den til 22 milliardar kroner i 2003.
Spel på gevinstautomatar utgjer no nesten dobbelt så mykje som
samla omsetjing på alle andre pengespel. Adferdsproblem i samband
med speling eksisterte knapt i Noreg for nokre tiår sidan. Dette
har no utvikla seg til å bli alvorleg sosialpolitisk problem, og
det store fleirtalet av speleavhengige personar som søkjer hjelp
oppgir automatane som hovudårsak.
Fleire alternativ vurderte i interimsperioden
Regjeringa har vurdert å innføra midlertidig totalforbod mot
utplassering av automatar. Spelebransjen har gitt klart signal om
at et slikt forbod umiddelbart vil bli rettsleg prøvd med påstand
om at forbodet er i strid med EØS-avtalen. Av praktiske grunnar vil
derfor eit totalforbud vanskeleg kunne gjennomførast i
interimsperioden fram til rettskraftig dom om einerettsspørsmålet
foreligg.
Regjeringa har også vurdert om det
let seg gjera å stramma inn automatmarknaden i overgangsperioden.
Dette byr imidlertid på store praktiske problem; m. a. er det
nærare 200 private automatoperatørar som vil kunne reisa
innseiingar mot ei slik innstramming. Regjeringa har derfor valt å
basera den midlertidige forlenginga på dagens
oppstillingsmønster.
Det er avsett i overkant av 900
millionar kroner til å kompensera frivillige organisasjonar for
deira inntektstap for at det ikkje skulle stå oppstilt automatar i
2005. Kompensasjonen var utrekna på grunnlag av organisasjonane
sine inntekter frå gevinstautomatane i 2001, noko som innebar ein
større reduksjon i forhold til inntektene i seinere år. I og med at
automatane no framleis vil stå utplasserte fram til og med 30. juni
neste år vil kompensasjonsbeløpet falla bort. Organisasjonane vil
bli meddelte dette ved eige brev frå Lotteritilsynet.
- Eg vil følgja organisasjonane si
inntektsutvikling utover i 2005. Dersom ein einerettsmodell kan
vera på plass i andre halvår neste år vil eg vurdera behovet for
eit eventuelt nytt kompensasjonsbeløp, seier statsråd Valgerd
Svarstad Haugland.
Redegjørelse fra kultur- og
kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland