Pressemelding, 09.09.2005

Publisert under: Regjeringa Bondevik II

Utgivar: Miljøverndepartementet (Oppretta 08.05.1972)

Status: Arkivert

Pressemelding

Dato: 09.09.05

Miljøvernminister Knut Arild Hareide:

Fullfører nå vern av villmarksnaturen på Svalbard

Flatøyrdalen. Foto: Arve Elvebakk.Regjeringa har i dag oppretta ein ny nasjonalpark i Indre Wijdefjorden på Svalbard. - Med dette er den siste brikka i regjeringa sitt arbeid med å verna ein av Europas siste, store villmarksområde på plass, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Den nye nasjonalparken dekker eit landområde på om lag 745 km2. I tillegg kjem eit sjøområde på om lag 382 km2. Verneverdiane i området er framfor alt knytt til den sjeldne, høgarktiske steppevegetasjonen som pregar landskapet her. Indre Wijdefjorden har fleire arter av planter som er sjeldne på Svalbard og i europeisk samanhang. Det er og viktige verneverdiar knytt til fjordøkosystemet.

Wijdefjorden. Foto: Sysselmannen på SvalbardOmrådet har og eit av Svalbards mest storslagne landskap, og er eit villmarksområde som er lite påverka av menneskeleg verksemd.

For to år sida oppretta regjeringa fem nye, større verneområde på Svalbard, som femner nokon av biologisk rikaste og mest produktive landområda som finnast her.

-Vernet av Indre Wijdefjorden er ei oppfølging av dette vernet, og sikrar at alle kjende naturtypar no finnast innanfor verneområda på Svalbard. Dette har lenge vore eit sentralt mål for naturvernet på Svalbard, seier Hareide.

Med etableringa av Indre Wijdefjorden nasjonalpark har regjeringa verna til saman meir enn 5000 km2 av landområda på Svalbard, og auka delen som er verna frå 56 til 65%. Regjeringa har og utvida dei verna områda i sjøen ut til den nye territorialgrensa 12 nautiske mil frå land, og dermed innlemma meir enn 40 000 km2 nytt sjøareal i verneområda. Samla sett har dette brakt vernet av Svalbards natur opp på eit nivå som er i samsvar med dei måla Stortinget og regjeringa har satt for bevaring av dette unike, arktiske villmarksområdet.

Wijdefjorden. Foto: Sysselmannen på SvalbardVernet av Indre Wijdefjorden og dei andre verneområda som vart oppretta i 2003 har ikkje vore utan konfliktar. Blant anna har det vore betydelege interesser knytt til mogeleg framtidig utnytting av kull og andre mineral i nokre av dei verna områda.

- Både Storting og regjering har slått fast at innanfor dei rammene omsynet til Svalbardtraktaten og Noregs suverenitet sett, skal omsynet til miljøet veie tyngst ved konflikt mellom miljømåla og andre interesser. Etableringa av Indre Wijdefjorden nasjonalpark og dei andre, nye verneområda på Svalbard, syner at regjeringa tek dette målet på alvor, seier Hareide.

Kontaktperson: Seniorrådgiver Frederik Theisen tel 22 24 60 55