22 skolar valde ut som
demonstrasjonsskolar
Læringssenteret har valt ut 22 skolar til å vere
demonstrasjonsskolar. Desse skolane utmerkjer seg ved å arbeide
systematisk for å betre kvaliteten på utdanninga.
Demonstrasjonsskolane skal no spreie erfaringane frå
utviklingsarbeidet til andre skolar. Utdanningsministeren delte i
dag ut diplom til skolane som teikn på den nye statusen dei har
fått.
239 skolar søkte om å få bli
demonstrasjonsskolar. Dei utvalde skolane får kr 500 000,- i
tilskott per skoleår i to år og tittel som demonstrasjonsskole.
Midlane skal nyttast til tilrettelegging for besøk og til andre
måtar å spreie dei erfaringane dei har til andre skolar.
Dei 22 demonstrasjonsskolane har
vist svært gode resultat på eitt eller fleire av desse områda:
- opplæringa i prioriterte fag (lesing, skriving, matematikk og
engelsk)
- læringsmiljø
- skoleanlegg
Alternative opplærings- eller
organisasjonsformer, solide rutinar for kartlegging og
dokumentasjon av kunnskap og god utnytting av lokale ressursar i
opplæringa er kriterium som er lagde til grunn for utvalet av
skolar. Læringssenteret la også vekt på at skolane kan dokumentere
resultat. Dei valde skolane representerer ulike skoleslag og er
geografisk spreidde over heile landet. Søknadene frå skolane vart
sende til skoleeigarane, (kommunale, fylkeskommunale, statlege og
private) som har komme med forslag om demonstrasjonsskolar til
Statens utdanningskontor i fylka. Utdanningskontora har så nominert
tre til fem skolar i sitt fylke. Læringssenteret har valt ut dei 22
skolane.
Demonstrasjonsskolane for skoleåra 2002/ 2003 og 2003/2004
er:
Vidaregående skolar:
- Bergen Handelsgymnasium, Hordaland
- Bjørkelangen videregående skole, Akershus
- Kvadraturen videregående skole, Vest-Agder
- Luster vidaregåande skole, Sogn og Fjordane
- Namsos videregående skole, Nord-Trøndelag
- Sandefjord videregående skole, Vestfold
Ungdomsskolar:
- Alta ungdomsskole, Finnmark
- Grasmyr ungdomsskole, Telemark
- Killingrud ungdomsskole, Buskerud
- Saltvern ungdomsskole, Nordland
- Time ungdomsskule, Rogaland
- Vardal ungdomsskole, Oppland
Barneskolar:
- Borkenes skole, Troms
- Eberg skole, Sør-Trøndelag
- Haramsøy skule, Møre og Romsdal
- Heggedal skole, Akershus
- Lutvann skole, Oslo
- Minde skole, Hordaland
- Os skole, Hedmark
- Tingsaker skole, Aust-Agder
- Varhaug skule, Rogaland
- Verket skole, Østfold
Kontaktpersonar:
Direktør Jostein Osnes,
Læringssenteret, telefon 23 30 12 00
Avdelingsdirektør Anne Berit Kavli,
Læringssenteret, telefon 23 30 12 17
Les mer om de utvalgte
skolene