Satsing på forsking og
kvalitetsutvikling
Regjeringa gjer framlegg om å satse til saman 13,8
milliardar kroner på forsking og utvikling i 2004, ein auke på 1,1
milliardar kroner i forhold til årets budsjett. Løyvingane til å
gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor høgare utdanning aukar med
517 millionar kroner til 1144 millionar kroner, mens
kvalitetsarbeidet i grunnopplæringa aukar med 50 millionar kroner
til 431 millionar kroner.
Dette er hovudsakene i
budsjettforslaget til Utdannings- og forskingsdepartementet for
2004. Det totale budsjettet er på 50,4 milliardar kroner, ein auke
på 3,6 prosent i forhold til saldert budsjett for 2003 når ein
korrigerer for tekniske endringar og lånetransaksjonar.
Her er dei viktigaste forslaga i
budsjettet:
- Auka løyving til Kvalitetsreforma i høgare utdanning. Det er ei
hovudprioritering i budsjettet for 2004 å fullfinansiere
Kvalitetsreforma. Dei samla løyvingane til Kvalitetsreforma i 2004
er på 1144 millionar kroner, ein auke på 517 millionar kroner i
forhold til 2003.
- Nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular.
Regjeringa foreslår å opprette 200 nye stipendiatstillingar frå
hausten 2004.
- Auka satsing på kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Det blir
løyvd om lag 431 millionar kroner til kvalitetsutvikling i
grunnopplæringa, ein auke på 50 millionar kroner i forhold til 2003
(13,1 prosent). Regjeringa legg vekt på tiltak for å auke
læringsutbyttet i grunnopplæringa. Som eit ledd i dette arbeidet
skal det utviklast eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering.
Kompetanseutvikling for lærarar er ei hovudprioritering. Ordningane
med demonstrasjonsskular og demonstrasjonsbedrifter og tiltaka mot
uro og problemåtferd i skulen blir vidareførte.
- Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) skal stå
sentralt i utdanninga. Regjeringa satsar vidare på IKT i utdanninga
gjennom å løyve 124,8 millionar kroner til Program for digital
kompetanse. Programmet varer i fem år. Infrastruktur og nasjonale
utdanningsportalar, digitale læringsressursar og forsking og
utvikling er hovudområde innanfor denne satsinga.
- Utvida satsing på skuleanlegg. Regjeringa foreslår å auke
investeringsramma i tilskotsordninga der staten dekkjer renter på
lån til investeringar i nybygg og rehabilitering av skuleanlegg,
med 2 milliardar kroner i 2004. Den samla investeringsramma er
etter det på 7 milliardar kroner.
- Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 1,3 milliardar
kroner til vidareføring av bygg i universitets- og
høgskulesektoren.
- Budsjettforslaget inneber at den langsiktige grunnleggjande
forskinga gjennom Noregs forskingsråd blir styrkt med om lag 283
millionar kroner. Det blir løyvd 48 millionar kroner til å styrkje
den norske innsatsen innanfor EUs rammeprogram for forsking.
Løyvinga til vitskapleg utstyr blir auka med 77 millionar
kroner.
- I statsbudsjettet blir det til saman løyvd om lag 13,8
milliardar kroner til forsking og utvikling i 2004. Det er ein auke
på ca. 1,1 milliardar kroner i forhold til 2003 og i tråd med det
årlege offentlege vekstbehovet for å nå OECD-gjennomsnittet, slik
det blei talfest i opptrappingsplanen frå 2001. I tillegg har
Regjeringa sørgt for å betre rammevilkåra for investeringar i
forsking og utvikling i næringslivet gjennom Skattefunnordninga som
blei innført i 2002.
- Regjeringa foreslår at heile utdanningsstipendet på 40 prosent
av støttebeløpet blir utbetalt som lån og gjort om til stipend når
utdanninga er gjennomført (konverteringsstipend), og at
støttebeløpa i Lånekassa blir førte vidare på nominelt nivå.
- Ny finansiering av utanlandsstudium. Regjeringa foreslår å
innføre ei ny ordning for å finansiere skulepengar i utlandet.
Ordninga fører til at dei faglege avgrensingane for å få finansiert
skulepengar blir fjerna. Gebyrstipendet blir gjort om til
skulepengestøtte – dels som stipend, dels som lån – samtidig som
det blir betre høve til å ta opp lån til å dekkje skulepengar i
utlandet.
Budsjettforslag etter kategori
Kat. | Område | Løyving 2004 | Av dette lånetransaksjonar |
07.10 | Administrasjon | 427 583 000 | |
07.20 | Grunnopplæring | 2 337 279 000 | |
07.40 | Andre tiltak i utdanninga | 2 708 397 000 | |
07.50 | Vaksenopplæring | 1 106 008 000 | |
07.60 | Høgare utdanning | 18 610 979 000 | |
07.70 | Forsking | 3 184 982 000 | |
07.80 | Utdanningsfinansiering | 22 055 336 000 | 12 750 200 |
Sum | | 50 430 564 000 | 12 750 200 |