Pressemelding, 16.08.2005

Publisert under: Regjeringa Bondevik II

Utgivar: Utanriksdepartementet

Status: Arkivert

Pressemelding

Nr.: 130/05
Dato: 16.08.2005

Noreg har i dag ratifisert EMK protokoll 13 om avskaffing av dødsstraff

Noreg har i dag ratifisert protokoll 13 til Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK), om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve.

Etter den nye protokollen er forbodet mot dødsstraff absolutt. Ein tidlegare protokoll til EMK har som utgangspunkt at dødsstraff skal avskaffast, men tillet bruk av dødsstraff for handlingar utført i krig eller under krigstrussel.

Konsekvensen av protokollen er at Den europeiske menneskerettsdomstol i Strasbourg får høve til bindande å avgjere eventuelle klager mot Noreg om krenking av protokollen. Den tek til å gjelde for Noreg 1. desember 2005.

---

St.prp. nr. 57 (2004-2005) om samtykkje til ratifikasjon av protokoll nr. 13.

Ot.prp. nr. 90 (2004-2005) om lov om endringar i menneskerettslova.