Historisk arkiv

Makt i vala

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Offentleg innkjøp er eit leiaransvar og leiarane må setje av tilstrekkeleg med ressursar til innkjøp, både i form av menneske, pengar og tid, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på ein innjøpskonferanse i Stavanger 22. april 2009.

Offentleg innkjøp er eit leiaransvar og leiarane må setje av tilstrekkeleg med ressursar til innkjøp, både i form av menneske, pengar og tid, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på OFFIN Rogaland sin konferanse om verdival i offentleg innkjøp 22. april 2009.

Med atterhald om endringar under framføring.

Godtfolk! Aller fyrst vil eg takke arrangørane for at eg vart invitert til å komme til denne andre verdival-konferansen. Førre konferanse, i 2007, var ein stor suksess. Eg er sikker på at òg denne konferansen vil gi inspirasjon og kunnskap til å ta gode verdival ved offentlege innkjøp.

Det er finanskrise! Sjølv om dei fleste av oss har det bra, er situasjonen alvorleg. Vi høyrer stadig meldingar om permitteringar, oppseiingar og konkursar.  Regjeringa har lagt fram mange tiltak for å møte finanskrisa sine utfordringar. Blant anna er det sett av store summar til oppussing av skular, vedlikehald av vegar, bygging av nye kulturhus og idrettsanlegg. Dette er investeringar som sikrar folk arbeid og som løyser oppgåver som har vore forsømt. Som offentlege innkjøparar er det jobben dykkar å sjå til at pengane blir brukte på ein tillitsskapande måte og til beste for fellesskapet!

Makt i vala
Ta riktige val. Bruk makta riktig!
Det er nemlig mykje pengar vi snakkar om. 
Heile offentleg sektor gjer til saman innkjøp for over 270 milliardar kronar årleg! Det er meir enn 60 operaer!

Offentlege innkjøp er val. Offentlege innkjøp er makt. Offentlege innkjøp er verdiskaping. Ikkje minst er offentlege innkjøp åtferd, etikk og samfunnsansvar.  Mange av vala de som offentlege innkjøparar tek, blir ikkje regulerte eller styrt frå sentralt hald. Kva som skal kjøpast inn og når, er det i hovudsak den einskilde verksemda som fastset. Som innkjøparar skal de planleggje, gjennomføre og følgje opp kvart enkelt innkjøp. De er ansvarlege for at kommunen eller etaten sitt behov blir dekt på ein måte som gir mest mogeleg verdiskaping. Dette er eit stort ansvar, de har mykje makt og påverkar åtferda til andre aktørar i marknaden.

På nokre område har regjering og Storting valt å leggje føringar for innkjøpa. Innkjøpsområdet er lovregulert med prosessreglar som skal sikre at innkjøpa er opne, kan etterprøvast og skjer etter konkurranse. Reglane gjer det lettare å oppdage og forhindre korrupsjon og korrupsjonsliknande framferd. Det blir stilt krav om å bruke kontraktklausular for å unngå utnytting av arbeidskraft. Sist men ikkje minst, det er eit krav om at det skal leggast vekt på miljøomsyn og universell utforming.

La oss fyrst sjå på dagens situasjon. I fjor tinga eg ei kartlegging av dei regelbrota som er avdekt av revisjonen i stat og kommune. Svara eg fekk var sørgjeleg lesing, og stadfesta at regelbrota er omfattande og alvorlege. Særleg alvorleg er dei mange brota på det grunnleggjande kravet om konkurranse og ulovlege direkteinnkjøp.

Regjeringa har til no lagd stor vekt på å forenkle og forbetre regelverket, og vi har styrkt handhevinga med mellom anna innføring av lovbrotsgebyr. Gjennom opprettinga av Difi med ei eiga avdeling som skal arbeide for å styrkje innkjøpsnettverk, tilby kurs og opplæring og utarbeide gode innkjøpsverkty, er kompetansetilbodet kraftig styrka. 

Kartlegginga av regelbrota viste at årsaksforholda er mange og samansette. Det skortar enno på tilstrekkeleg regelverkskompetanse og innkjøpsfagleg kunnskap i mange verksemder. Regjeringa skal framleis gjere sitt når det gjeld regelverk og rettleiing, men det er blitt tydeleg for meg at det òg er utfordringar knytt til organisering og leiing som krev ei nærare vurdering. For det er ikkje til å kome i frå at offentleg innkjøp er eit leiaransvar.

Mange leiarar veit ikkje kva som blir kjøpt, dei veit ikkje kven som gjer det og ikkje minst så veit dei ikkje korleis dei gjer det.
Leiarane må setje av tilstrekkeleg med ressursar til innkjøp, både i form av menneske, pengar og tid! Å jobbe med innkjøp må verdsetjas som ein profesjon, og då held det ikkje å setje av 10 prosent av ei stilling til innkjøp. Innkjøp må prioriterast!

Den fyrste stortingsmelding om offentlege innkjøp
Og regjeringa prioriterar innkjøp. Om kort tid vil eg leggje fram for Stortinget den fyrste stortingsmeldinga om offentlege innkjøp. Det er eg stolt av! I meldinga foreslår eg ei rekkje tiltak for å auke profesjonaliteten ved offentlege innkjøp og hindre regelbrot. Betre organisering, betre leiing, styrka internkontroll og effektiv bruk av elektroniske verkty står sentralt. Denne regjeringa har nemleg sett at dersom vi ønskjer betre, enklare og sikrare innkjøp så må vi ha ei heilskapleg tilnærming til området.

Lova og forskrifta vil framleis ligga i botn. Reglane skal sikra at pengane blir brukte på ein samfunnsteneleg måte, og inneheld dei føringane som blir stilt frå sentralt hold. Regelbrot kan ikkje aksepterast. Kvart regelbrot må undersøkast og forholda må rettast opp i. Dette er leiinga sitt ansvar!

Ordna lønnsvilkår
Offentleg sektor skal overhalde lover og reglar, innby til tillit, vere prega av kvalitet og gå føre i viktige verdispørsmål. Men, det er òg viktig at offentleg sektor gjer riktige val om kven som skal få vere leverandør til det offentlege.

Enkelte røystar har hevda at faren for sosial dumping er aukande når aktiviteten i blant anna byggsektoren aukar som følgjer av regjeringa sin tiltakspakke. Men òg i andre bransjar er dette ei utfordring. Seinast i går kunne vi lese i Aftenposten at Oslo kommune gjer jobben sin: Dei heva kontrakta med eit reinhaldsfirma som i kontroll viste seg å ha lønsutbetalingar godt under kravet om gjengs lønn.

Det er bra, for vi som bur i eit av verdas rikaste land, kan ikkje sitje og sjå på at medmenneske arbeider under uverdige forhold rett framfor auga våre.  Kva signal gir det til seriøse verksemder og ærlege arbeidarane dersom fellesskapet sine midlar går med til å dele inn arbeidarar i eit A-lag og eit B-lag?

Arbeidstilsynet har rapportert om aukande omfang av brot på reglane om arbeidsmiljø og løns- og arbeidsvilkår, særleg er dette et problem i byggjebransjen. Arbeidstilsynet seier at inntrykket deira er at arbeidstakarar frå dei nye EØS-landa har dårlegare forhold enn det som gjeld elles i byggjebransjen. Dette må vi forhindre! Sosial dumping er uakseptabelt!

Regjeringa har stramma grepa overfor verksemder som utnyttar arbeidsinnvandrarar. I fjor kom ei ny forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Forskrifta krev at offentlege oppdragsgivarar tar ansvar og ser til at det er ordna arbeidsforhold hos verksemder dei har kontraktar med.  

Forskrifta skal sikre arbeidstakaranes løns- og arbeidsvilkår vert halde på eit normalt nivå i forhold til tilsvarande arbeid. Med ”normalt” nivå meinar ein at løns- og arbeidsvilkåra samla skal haldast på eit nivå for liknande arbeid i vedkommande bransje og geografisk område.

Offentlege innkjøparar må for alle avtaler om kjøp av varer og tenester som blir inngått over EØS-terskelsummane ha klausular i avtalene med leverandørane som sikrar normale løns- og arbeidsvilkår. Kravet gjeld òg for underleverandørar.
Regjeringa vil med andre ord ha slutt på historier om underbetalte polakkar på byggjeplassar! Det er dykkar ansvar å sjå til at lønskrava blir stilt og at kontraktane blir følgde opp, slik Oslo kommune no har gjort.

Universell utforming
Når mange millionar kronar skal brukast på vedlikehald, nybygg og investeringar, må vi ikkje bli så rivne med av tidspress, kroner og ører at vi gløymer at skular, kulturhus, kontorfasilitetar og IT-system òg skal brukast av dei som fell utanfor det såkalla ”normalsamfunnet”.

Universelle løysingar er god økonomi. Det blir mindre trong for alternative løysingar, endringar, utvidingar og dyre tilpassingar. Det gir reduserte driftskostnader ved at det blir færre løysingar å drifte, og mindre trong for personell til å assistere, drifte og reparere.

Regjeringa har utforma ei rettleiing om uniformelle løysningar som kan gi god hjelp. Rettleiinga ligg på heimesidene til både departementet og Deltasenteret.
Lønnsvilkår og universell utforming handlar om Noreg, men vi må også tenkje globalt.

Klimakrisa - vår tids største utfordring
Vår tids største utfordring er klimakrisa. Den må løysast!
Regjeringa vil at Noreg skal verte eit føregangsland i miljøpolitikken. Det gjeld òg offentlege innkjøp. Det ligg eit stort miljøpotensial i dei 270 milliardar kroner som kvart år går med til å kjøpe inn varar og tenester. Det offentlege har eit særleg ansvar for å gå føre som ein ansvarleg forbrukar, og etterspør miljøvenlege varer og tenester.

Miljø er god økonomi og reduserer skadeverknadene for miljøet ved eiga drift. Om det offentlege legg vekt på miljøaspekta vil vi over tid få eit betre utval av miljøvennlege produkt og teknologi. Ved å stille strenge miljøkrav i dag gir vi verksemdene insitament til å utvikle framtidas produkt. Krava utfordrar til innovasjon og utvikling i verksemdene!

Innkjøpslova seier at det er ei plikt å legga vekt på miljøomsyn ved planlegging av innkjøp og ved utforming av tekniske spesifikasjonar. Hovudutfordringane er å syte for at innkjøparane har reelle grøne målsetjingar, prioriteringar og forankring for å auke miljøprofilen ytterlegare. Som eg sa på verdikonferansen i 2007, må då innkjøparane ha tilstrekkeleg miljøkunnskap, praktiske verkty og støtte.  Dette har vi gjort noko med!

Saman med miljøvernministeren og barne- og likestillingsministeren la eg våren 2007 fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar. Handlingsplanen set søkjelys på den offentlege sektoren si rolle som kunde og forbrukar, og målet er klart: det offentlege skal gå føre og etterspørje miljøvenlege varer og varer som er tilverka etter høge etiske og sosiale standardar.

Handlingsplanen legg vekt på tiltak for å sikre at statlege verksemder følgjer opp miljøforpliktingane sine, mellom anna med tanke på klima og energi, helse- og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald. Kommunane er òg bedt om å følgje handlingsplanen. 

Miljøkrava som blir stilte må vere retta mot dei miljøutfordringane som er viktigast for produktet som skal kjøpast inn. Miljøkrava skal vere tøffe slik at dei fører til miljøforbetring og samtidig ikkje utelukke konkurranse. Skal det offentlege bruke innkjøpsmakta si må vi stå samla og stille eintydige krav til leverandørane. Saman skaper vi eit felles trykk som gir oss miljøvenlege produkt. Det er derfor utarbeidd ei rekkje kriteriesett med konkrete miljøkrav til ulike typar innkjøp, som til dømes bygg- og eigedomsforvaltning, tekstilar, reinhaldstenester, hotelltenester, transport og IKT-utstyr. Kriteriesetta kan klippast og limast inn i konkurransegrunnlaga.

Innkjøp skjer over det ganske land. I fjor vart det etablert eit knutepunkt her i Rogaland og i fem andre fylker. Knutepunkta skal vere ei fagleg støtteteneste i gjennomføringa av handlingsplanen. Knutepunkta skal knyttast til eksisterande ressursmiljø på innkjøp, og skal hjelpe til å dekkje det innkjøpsmiljøa treng for å kunne gjennomføre innkjøp med miljøomsyn. Til hausten skal arbeidet med å etablere knutepunkt i resten av fylka og regionane starte.   

Styrka rettleiingstilbod - Difi
Regjeringa støttar opp om arbeidet som blir gjort i verksemdene for å sikra betre, enklare og sikrare innkjøp. Vi skal mellom anna sjå nærmare på områder der praktisering av reglane viser seg å vere vanskelege og vi skal styrkje rettleiingstilbodet. 

Direktoratet for forvaltning og IKT - Difi - er ein sentral aktør i dette arbeidet. Difi har utvikla eit godt tenestetilbod knytta til regelverk og innkjøp. Framover skal direktoratet utvikle tenestetilbodet, og særleg vil eg framheva at dei skal sjå nærare på etablering av verkty eller beste praksis når det gjeld innkjøpsstrategiar, organiseringsval, styring, kontroll og oppfølging av innkjøp. Det vil òg bli etablert ein innkjøpsportal for leiarar og innkjøparar der verkty, kunnskap og erfaring om kan delast og vidareutviklast.

Eg vil avslutte med følgjande: Som offentlege innkjøparar er de verdiskaparar. De skal sørgje for best mogleg utnytting av offentlege budsjett til fellesskapet sin beste.

Deira val avgjer om vi får gode offentlege tenester, om etikken ivaretas og om miljøet tas vare på.

De må ikkje miste av syne at de har makt, at de har påverknadskraft og at de skal gå føre i viktige samfunnsspørsmål. Folk skal ha tillit til offentleg forvaltning, og vere sikre på at pengane blir brukt riktig.  De må følgje lover og reglar sjølv, og krevje at leverandøren gjer det same. Miljø og etikk blir viktigare og viktigare, for enkeltpersonar, for verksemder og for offentleg sektor.  Lukke til med verdivala, bruk makta riktig!