Historisk arkiv

Jæren er matproduksjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I ei landsomfattande spørjeundersøking svarer heile 71,5 prosent at jordbruksområda på Jæren også i framtida må nyttast til matproduksjon, og ikkje til bustadbyggjing.

I ei landsomfattande spørjeundersøking svarer heile 71,5 prosent at jordbruksområda på Jæren også i framtida må nyttast til matproduksjon, og ikkje til bustadbyggjing.

Dette kjem fram i ein rapport frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Rapporten, som byggjer på ei spørjeundersøking blant eit representativt utval av den norske befolkninga, syner at eit stort fleirtal ser landbruk og matproduksjon som Jæren sin identitet og desidert viktigaste funksjon framover. 71,6 prosent svarar at landbruk er det viktigaste bruksområdet på Jæren. Deretter kjem natur- og kulturvern med 14,1prosent og Friluftsliv med 5,7 prosent. Berre 3,8 prosent svarar husbygging.

– Dette er ei sterk tillitserklæring både til jærsk og norsk landbruk, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. – Samstundes er det eit tydeleg signal om at planleggjarar og politikarar som tek i bruk jordbruksareal til andre føremål er i utakt med folkemeininga. Jæren og Rogaland er av dei beste områda vi har for matproduksjon. For meg er det eit stort paradoks at nettopp Rogaland for tredje året på rad er  det fylket som byggjer ned mest matjord, seier Brekk.

Jordvern hovudsak i Stortinget
I heile landet  vart det i 2011 bygd ned 6067 mål matjord. Det er det lågaste talet sidan ein tok til med slike registreringar i 1976. Nedbygginga har falle sterkt dei seinare åra, og var i 2011 47 prosent lågare enn snitt-tala igjennom ein 10-årsperiode fram til 2004. Brekk er nøgd med at regjeringa sin politikk gir gode resultat. Han ser eit sterkt jordvern som ei av sine viktigaste oppgåver framover.

– Eit sterkt vern av matjorda var hovudsak då Stortinget nyleg behandla meldinga om landbruks- og matpolitikken for dei komande åra. Frå mange hald vart det peika på at målet om å auke matproduksjonen i Norge i takt med den sterke folkeauken blir svært vanskeleg å nå dersom ein held fram å byggje ned dei beste jordbruksareala i same omfang som i dag, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Jordbrukslandskap.

I ei landsomfattande spørjeundersøking svarer heile 71,5 prosent at jordbruksområda på Jæren også i framtida må nyttast til matproduksjon, og ikkje til bustadbyggjing. (Scanpix/Unspecified)