Historisk arkiv

Tomatfylket Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kvar nordmann et nærmare 7 kg tomatar kvart år. Over 85 prosent av produserte tomatar i Noreg kjem frå Rogaland, og over 40 prosent av dei kjem frå øysamfunnet Finnøy.

Kvar nordmann et nærmare 7 kg tomatar kvart år. Over 85 prosent av produserte tomatar i Noreg kjem frå Rogaland, og over 40 prosent av dei kjem frå øysamfunnet Finnøy.  

Tomat er rik på A- og C-vitamin samt antioksidant lykopen som kan ha ein førebyggjande verknad mot hjartelidingar og kreft.  I dei siste 10 åra har etterspurnad etter spesialtomatar som cherry- eller perletomatar auka mykje og utgjer no den største delen av tomatsalet. Hovudsesongen for tomat er frå medio april til slutten av oktober. Nokre produsentar trassar kulda og produserer sjølv midt på vinteren. Likevel er det mykje import, spesielt i det mørke halvåret, men også året rundt. I 2011 blei det importert nærmare 24 000 tonn tomatar til Noreg. Det er meir enn dobbelt så mye som det blir produsert i landet. Heile den norske produksjonen var i 2011 på rundt 10 400 tonn.

Tomater i drivhus

Over 85 prosent av produserte tomatar i Noreg kjem frå Rogaland, og over 40 prosent av dei kjem frå øysamfunnet Finnøy. (Foto: Annabell Pfluger)