Tilskotsordningar for 2007
Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og universell utforming
Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Ein brei medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse morgondagens miljøutfordringar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar og private verksemder og -personar. Rundskrivet gir ei orientering om Miljøverndepartementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar, private verksemder og forskingsorganisasjonar.
Det blir gitt ei nærare omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga i rundskrivet. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å ta kontakt med fylkesmannen og fylkeskommunen.
Frå og med 2007 skal søknader om tilskot til vilttiltak og til forebyggjande og konfliktdempande rovvilttiltak fremjast i eit nettbasert søknadssystem i regi av Direktoratet for naturforvaltning. I ein overgangsperiode kan og skjema A-07 nyttast.
Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane.
Oslo, oktober 2006
Med helsing
Miljøvernministeren