Historisk arkiv

Einar Steensnæs ny styreleiar i Gassnova SF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Einar Steensnæs vart utnemd til ny styreleiar på foretaksmøtet til Gassnova SF 29. juni 2011.

Einar Steensnæs vart utnemd til ny styreleiar på foretaksmøtet til Gassnova SF 29. juni 2011.

Einar Steensnæs er tidlegare olje- og energiminister (2001-2004) og har også vore styreleiar i Norsk Gassenter. Han er til dagleg seniorrådgjevar ved Oslosenteret for fred og menneskerettigheter.

Johan Nic. Vold, som har vore styreleiar sidan Gassnova SF vart oppretta i 2007, ønska ikkje gjenval.

Styret i Gassnova SF er no som følgjer:
Styreleiar   Einar Steensnæs
Nestleiar   Bjørn Sund
Styremedlem  Endre Skjørestad
Styremedlem  Gro Seim
Styremedlem  Ellen Cathrine Rasmussen
Styremedlem   Liv Lønne Dille (representant for dei tilsette)