Historisk arkiv

Gassnova SF stifta, Johan Nic. Vold styreleiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

På stiftingsmøte i dag vart Gassnova SF oppretta. Statsføretaket sitt hovudføremål er å forvalte statens interesser knytt til CO2-handtering og å gjennomføre dei prosjekta som blir vedteke på føretaksmøtet.

På stiftingsmøte i dag vart Gassnova SF oppretta. Statsføretaket sitt hovudføremål er å forvalte statens interesser knytt til CO2-handtering (teknologiutvikling, fangst, transport, injeksjon og lagring av CO2) og å gjennomføre dei prosjekta som blir vedteke på føretaksmøtet. Det er eit mål at føretaket sitt arbeid skal redusere kostnadene knytt til CO2-handtering. Olje- og energidepartementet har teke utgangspunkt i det noverande forvaltingsorganet Gassnova ved etablering av føretaket. Kontoret skal som i dag liggje i Porsgrunn.

Gassnova SF skal leggje til rette for at staten eller statleg eigde einingar best mogeleg kan dra nytte av statens deltaking i CO2-handteringsprosjekt. Føretaket skal og gje råd til Olje- og energidepartementet i spørsmål om CO2-handtering.

Gassnova SF skal i samarbeid med Noregs forskingsråd forvalte støtteordninga for CO2-handteringsteknologiar, CLIMIT. Det vil bli oppretta eit felles programstyre i samarbeid mellom Olje- og energidepartementet og Forskingsrådet, som skal tildele midlar under CLIMIT-programmet. Departementet vil avklare endringa av ordninga med EØS-avtalen sitt overvakingsorgan, ESA.

Styret i Gassnova SF skal vere på minst 3 medlemmer. Styret vil mellom anna stå for tilsetjinga av administrerande direktør for Gassnova SF. På stiftingsmøtet i dag vart følgjande medlemmer valde:

Johan Nic. Vold (leiar)
Hilde Tonne (nestleiar)
Endre Skjørestad (styremedlem)

Se også pressemelding Etablering av statsforetak som skal forvalte statens deltakelse i CO2-håndteringsprosjekter (02.03.2007)