Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Ola Borten Moe sin kalender for veke 19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Måndag 9. mai
Olje- og energiminister Ola Borten Moe er med på markeringa av Petoro sitt 10-års jubileum.

Tysdag 10. mai
Olje- og energiministeren vitjar Oljedirektoratet kl 09.00. OD held ein presentasjon om verksemda og statsråden møter dei tilsette.

Klokka 11.00 vitjar statsråden Petoro. Her får han ein presentasjon av verksemda og får møte dei tilsette. Frå om lag kl 12.30 vitjar statsråden Petoro sin jubileumskonferanse på Atlantic hotell i Stavanger. Han vil òg halde eit innlegg på konferansen.

Statsråden vil vere tilgjengeleg for pressa. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Ragnar Semundseth, tlf 918 03 950.

Frå om lag 16.30 vil Ola Borten Moe vitja ein tilstelling i regi av Rogaland Senterparti.

Komande reiser:
24. til 25. mai reiser olje- og energiminister Ola Borten Moe til Brasil. Der skal han mellom anna møte norsk industri innafor olje- og gassnæringa. Borten Moe skal òg delta på opninga av det Statoil-opererte Peregrino-feltet utanfor Rio de Janeiro. Vidare vil han opne eit forskningsseminar om petroleumsforskning som i regi av Noregs forskingsråd som er ei direkte oppfølging av Regjeringa sin brasilstrategi.
Presse som ynskjer å dekke heile eller delar av reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Ragnar Semundseth: ras@oed.dep.no eller 918 03 950.