Historisk arkiv

Revidert budsjett 2006: 40 millionar kroner - til fem rassikringsprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 40 millionar kroner til rassikring på vegnettet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (12.05.06)

Pressemelding

Nr.: 32/06
Dato: 12.05.06

Revidert budsjett 2006:

40 millionar kroner – til fem rassikringsprosjekt

- Regjeringa gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 40 millionar kroner til rassikring på vegnettet. Dette beløpet kjem i tillegg til auken på 50 millionar kroner som vart vedteken av Stortinget i desember i fjor, etter framlegg frå Stoltenberg-regjeringa, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Tilleggsløvinga på 40 millionar kroner over 2006-budsjettet skal fordelast slik:

  • 10 millionar kroner til riksveg 43 Aunevik – Bukkesteinen i Vest-Agder
  • 10 millionar kroner til riksveg 55 Stedjeberget i Sogn og Fjordane
  • 10 millionar kroner til riksveg 62 Fresvika – Jordalsgrenda i Møre og Romsdal
  • 5 millionar kroner til E10 Fjøsdalen i Nordland
  • 5 millionar kroner til riksveg 91 Ura i Troms