Historisk arkiv

Revidert budsjett 2008

Ferjetransport: Tilleggsløyving på 115 millionar kroner sikrar godt rutetilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om at løyvingane til kjøp av riksvegferjetenester i 2008 skal aukast med i alt 115 millionar kroner.

Regjeringa gjer framlegg om at løyvingane til kjøp av riksvegferjetenester i 2008 skal aukast med i alt 115 millionar kroner.
 
— I Soria Moria-erklæringa er det slått fast at riksvegferjene skal reknast som ein del av vegnettet, og at regjeringa vil betre rabattordningane. Dette er mellom anna følgd opp ved at rabattsatsane for sonekort og verdikort for køyretøy vart auka frå 45 prosent til 50 prosent med verknad frå 1. mai i år. Med denne auken og gjennomført auke frå 40 prosent til 45 prosent i 2006, har regjeringa lagt til rette for vesentleg lette i transportkostnadane for folk og næringsliv som jamleg må nytte ferje, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.  

— Framlegget frå regjeringa om tilleggsløving til kjøp av riksvegferjetenester er med på å sikre eit godt rutetilbod på ferjestrekningar langs heile kysten. Framlegget har særleg samanheng med at det har vore ein sterk kostnadsvekst i riksvegferjedrifta. Tilleggsløyvinga vil dermed vere med på å halde kostnadene nede for brukarane, seier samferdselsministeren.

— Eg er glad for at regjeringa gjennom tilleggsløyvinga sikrar midlar til ei ekstra ferje for å ta unna den store helgetrafikken i sambandet Flakk–Rørvik, og midlar til ei styrking av sambandet Molde–Vestnes, der særleg næringstransporten har hatt problem med køar og ekstra ventetid på grunn av kraftig vekst i trafikken, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysingar sjå

• St.prp. nr. 59 (2007-2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008 (førebels utgåve, pdf)