Historisk arkiv

Revidert budsjett 2008

Meir miljøvennleg transport: Tilleggsløyving på fem millionar kroner til forskingsprogrammet Renergi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Løyvingane til samferdselsforsking over 2008-budsjettet til Samferdselsdepartementet skal aukast med fem millionar kroner, går det fram av eit forslag som vart lagt fram i statsråd i dag.

Løyvingane til samferdselsforsking over 2008-budsjettet til Samferdselsdepartementet skal aukast med fem millionar kroner, går det fram av eit forslag som vart lagt fram i statsråd i dag.

— Tilleggsløyvinga skal gå til forskingsprogrammet Renergi, i regi av Noregs forskingsråd. Renergi vil dermed i år få til saman 38,6 millionar kroner i støtte frå Samferdselsdepartementet. Dette er ein auke på 67 prosent samanlikna med 2007, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Programmet skal utvikle kunnskap og løysingar for miljøvenleg transport, med vekt på mellom anna bruk av ny teknologi og alternative drivstoff som til dømes andre generasjons biodrivstoff og hydrogen.


For fleire opplysingar sjå

• St.prp. nr. 59 (2007-2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008 (førebels utgåve, pdf)
 
• Forskingsrådets nettsider om Renergi