Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2009

6 millionar kroner ekstra til Bratsbergbanen i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om at Telemark fylkeskommune får ei tilleggsløyving på seks millionar kroner. Målet er å få til betre samordning med annan lokal kollektivtrafikk, slik at fleire skal nytte seg av Bratsbergbanen.

Regjeringa gjer framlegg om at Telemark fylkeskommune får ei tilleggsløyving på 6 millionar kroner. Målet er å få til betre samordning med annan lokal kollektivtrafikk, slik at fleire skal nytte seg av Bratsbergbanen.

Tilleggsløyvinga er ein kompensasjon for bortfall av statleg kjøp av persontransporttenester med tog på Bratsbergbanen. Det føreslåtte beløpet kjem i tillegg til 6 millionar kroner i tidlegare vedteke budsjett for 2009.

Regjeringa vil bidra med ei ekstraløyving på 6 millionar kroner. I tillegg vil regjeringa følgje opp med ei ny løyving på 6 millionar kroner for 2010. Dette for å få ein meir fleksibel overgang og gje fylkeskommunen betre tid til å gjennomføre ruteforbetringar. Det gjev og betre moglegheiter til rutesamordning med annan lokal rutetrafikk, slik at tilbodet blir betre og lokaltoget meir attraktivt.

Frå Samferdselsdepartementet si side er det ein føresetnad at driftsansvaret for lokaltoget på Bratsbergbanen framleis skal liggje hos Telemark fylkeskommune i tråd med eksisterande avtale.