Historisk arkiv

Takketale - Storegutprisen for 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Talen til samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved utdelinga av Storegutprisen, 20. september 2007, Litteraturdagane i Vinje.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete sin takketale ved utdelinga av Storegutprisen, 20. september 2007, Litteraturdagane i Vinje.

Kjære alle saman!

Det er ei stor ære og glede for meg å vere her saman med dykk i dag.

Særleg er det kjekt å vere i Vinje, ei bygd med ein særs stolt litterær og språkleg tradisjon. Ikkje berre er Vinje heimbygda til det svært så aktuelle diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Som me har høyrt her i kveld byrja det før den tid, med Aasmund Olavsson Vinje – som jo er opphavet til Storegut og dermed også til Storegutprisen. Denne stolte tradisjonen er ført vidare av blant anna brørne Nordstoga, som me har sett og høyrt i kveld, og som fører Vinjes tradisjon som kulturbygd vidare.

Det er også flott at de her i Vinje har klart å etablere Litteraturdagane i Vinje som eit årvisst arrangement med appell langt utanfor kommunegrensene og fylkesgrensene. Kulturlivet i Noreg ville vore langt fattigare utan arrangement som dette. Eg veit det er mykje arbeid med eit slikt arrangement, og det er sikkert mange av dykk som har hatt travle dagar no i forkant av Litteraturdagane. Men vit at det de gjer er viktig, og blir sett pris på. ”All æra må liggja i ærleg strev”, som A.O. Vinje sa.

I dag er eg her for å motta Storegutprisen. Det er ein pris eg er svært stolt over å bli tildelt. Sjølv om prisen i seg sjølv ikkje er så gamal, er det ein pris med trygg historisk forankring i Storegut og A.O Vinje. Eg ser at det er flinke folk som har fått prisen før meg – eg er stolt over no å vere i det selskapet.

Det er spesielt gledeleg for meg å få ein pris for nynorskbruken min. Språk er identitet, det høyrer me ofte. Og språk er identitet også for meg. Det er språket som viser kvar eg kjem frå og kvar eg høyrer heime. Då eg i 2005 vart utnemnd til statsråd, vart livet mitt snudd opp ned. Det var berre to ting eg var heilt viss på: eg måtte vere meg sjølv, og eg måtte halde fast ved dialekten min. Dei to tinga heng då også nøye saman. Hadde eg byrja å snakke annleis ville eg ikkje vore heilt og fullt meg sjølv lenger. ”Alt dette nye i tale som kunst i knoting skal klinga” som Vinje sa i Attende til antikken.

Språket mitt er ein del av forankring mi – i Sogndal og Lærdal, i Sogn og Fjordane, i Vestlandet, i dei norske distrikta. Det er lenkja mellom fortid, framtid og notid, og det er lenkja mellom livet i Oslo og livet i Lærdal. For igjen å sitere Vinje : ”Det er eit barnemål som til meg talar, og gjer meg tankefull, men endå fjåg. Med ungdomsminne er den tala blanda: det strøymer på meg, so eg knapt kan anda.”
 
Å vere statsråd og snakke solid Sognemål har heldigvis synt seg å ikkje vere noko problem. Ikkje ein einaste gong har eg fått negative reaksjonar på dialekten min. Derimot har eg mange gonger fått høyre at folk tykkjer eg har slik ein flott dialekt. Dette er svært gledeleg, og viser at det har blitt større toleranse både for dialektar og nynorsk dei siste tiåra. Tidlegare var ikkje dette så sjølvsagt. Eit døme: Når dei to  tantene mine i si tid flytta til Oslo, hadde dei ikkje noko val: dei måtte leggje om til austlandsk, elles kunne dei berre gløyme å få seg jobb, og sikkert bustad også – slik var jo tilstandane den gong.

No er me heldigvis komne lenger, og sjølv om det strengt tatt berre skulle mangle, har ikkje denne språkfridomen kome av seg sjølv. Eg er glad for at det finst mange som har stått på og jobba for din og min rett til å skrive nynorsk og snakke dialekt, anten det er i heimen, på fjernsynet, eller i statsråd. Det er mange enkeltpersonar, lag og institusjonar som har kjempa ein tøff kamp for den språklege jamstellinga og dialektfridomen me har i dag. Det er eg takksam for. ”Veikt er det stråi, som stend åleine”, sa Olav H. Hauge, og slik er det med språkkampen også.

Nynorsken som skriftsspråk er også viktig for meg, og eg er glad for å kunne fortelje at eg har sendt heile embetsverket i Samferdselsdepartementet på nynorskkurs. Her om dagen kunne ein av dei tilsette, som er bokmålsbrukar privat, fortelje at når ho hadde sett seg ned for å skrive bryllaupstalen sin, oppdaga ho plutseleg at det første ordet ho hadde skrive var ”eg”. Ho hadde skrive så mykje nynorsk på jobb i Samferdselsdepartementet at ho heilt automatisk byrja å skrive talen sin på nynorsk! Slikt er det særs hyggeleg for meg å høyre. Denne prisen er verkeleg ein fin inspirasjon til å halde oppe det språklege medvitet både hjå meg sjølv og andre, også i framtida.

Tusen hjarteleg takk for at de inviterte meg hit til vakre Vinje. Det er ei glede å få vere her og oppleve den fine samansmeltinga av ord og tonar Litteraturdagane byr på.

Og ikkje minst; tusen takk for Storegutprisen, det er ein pris eg er svært stolt og glad over å få. Og sidan heile Storegut opnar med ein Olav, må eg jo seie at det kjennest svært så rett å få prisen overrekt av ein Olav.

Og så håpar eg sjølvsagt at det ikkje skal bli som Vinje seier i Etter eit lag: ”No hev eg tura og havt det so godt og gildt, no må eg tenkja meg um og stura og hava i hugen ilt.”

Takk skal de ha!