Historisk arkiv

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane: Norges nest største verneområde oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Dato: 28.04.00

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane: Norges nest største verneområde oppretta

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke verneplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde og Steinsbuskardet - Hisdal biotopvernområde. Landskapsvernområdet er verna i medhald av naturvernlova og ligg i Bykle, Valle og Bygland kommunar i Aust-Agder fylke, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal kommunar i Vest-Agder fylke, og Forsand kommune i Rogaland fylke. Biotopvernområdet er verna i medhald av viltlova og ligg i Bykle kommune. Verneområda er ein del av området for fylkesdelplan Setesdal Vesthei som vil bli godkjend med dei endringar vernevedtaket legg til grunn.

Vernevedtaket representerer den første gjennomførte enkeltplan i landsplanen for nasjonalparkar og andre større verneområder i Noreg som ble vedtatt gjennomført av Stortinget i 1993. Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde dekker eit areal på ca 2.346 km 2> og er det nest største verneområdet i Noreg. Steinbuskardet - Hisdal biotopvernområde har eit areal på ca 40 km 2 >.

Områda er verna for å ta vare på eit særmerkt og storslått fjell-, hei- og skoglandskap med variert geologi og utgjer den norske sørgrensa for mange særprega artar knytt til alpine område. Verneområda dekker ein viktig del av leveområdet for Noregs og Europas sørlegaste villreinstamme. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på dei siste villreinstammene i Europa. Høg tettleik av småvilt gir grunnlag for gode bestandar av store rovfuglar som kongeørn, jaktfalk og hubro. Desse artane står på raudlista over truga og sjeldne viltartar i Noreg. I Valle-Byglandsheiane er kongeørnbestanden mellom dei tettaste i landet. Området representerer ein naturgeografisk region som er underrepresentert blant verneområda i Noreg og husar likeins dei siste villmarksprega områda i regionen. Området ber preg av lang tids kulturpåverknad særleg gjennom beitebruk og tidlegare stølsdrift.

Utkast til verneplan blei sendt på lokal høyring i oktober 1995 og sentral høyring i mai 1997. Vernesaka har vore drøfta med kommunar og grunneigarar i mange runder. Etter høyring av fleire alternativ med framlegg til ulike verneformer, har Regjeringa kome fram til at landskapsvernområde i medhald av naturvernlova og biotopvernområde i medhald av viltlova er dei mest høvelege verneformene. Ein vil då kunne ta vare på dei viktige verneverdiane på ein god måte, samstundes som tradisjonell bruk av området kan halde fram.

Det er laga ein fylkesdelplan for det same området og som er utarbeidd i samarbeid mellom Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder fylkeskommunar. Verneområda skal vere ein integrert del av fylkesdelplanen. I fylkesdelplanen la ein til grunn at området sør for Brokke-Suleskardveg-en skulle forvaltast etter plan- og bygningslova. Etter ei samla vurdering har Regjeringa kome fram til at dette området bør vere med innafor landskapsvernområde fordi området er av stor verde for villreinstamma og anna dyreliv; at området omfattar det største av dei inngrepsfrie områda (kvalifisert villmark) i området; at naudsynt sikring av området med dette får ein meir varig karakter og at ein ved landskapsvern-/dyrelivsfredning i større utstrekning kan iverksette naudsynte tiltak for å sikre villreinen sitt leveområde mot nye inngrep og trugsmål enn om området berre skulle vere omfatta av fylkesdelplanen.

Det skal gjennomførast eit forsøk med lokal forvaltning av verneområda ved at forvaltningsmynde skal kunne delegerast til kommunane. Forsøket skal gå over 5 år, og det skal gjennomførast ei evaluering av forsøket. Dette er i samsvar med det Stortinget har bede om. Statens Naturoppsyn (SNO) vil opprette tre oppsynsstillingar knytt til Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Det er sett av særskilde midlar til forvaltningsordninga/SNO på statsbudsjettet for år 2000.

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan for heile området. Mange av dei spørsmål og innvendingar som er kome fram under høyringa, kan løysast i denne planen innafor ramma av verneføremål og forskrifter. I forvaltningsplanen skal ein m.a. leggje til grunn sonering av verneområdet med tanke på å få til ein differensiert forvaltning av området og dermed gje forvaltningsstyresmakta eit rimeleg og naudsynt forvaltningsrom for si utøving av mynde. Der brukar- og næringsinteressene er sterke - i randområda mot fylkesdelplanområdet og der verneverdiane kan tåle det, kan det opnast for ein meir liberal dispensasjonspraksis mens det i dei sentrale og/eller sårbare områda der verneinteressene er sterke og brukarinteressene mindre vesentlege, skal dispensasjonspraksis vere strengare. Det er kommunane som skal utarbeide forvaltningsplan som skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning. Det vil og ligge stort forvaltningsmessig handlingsrom for kommunane når ein ser heile fylkesdelplanområdet under eitt.

Kontaktpersonar:

Rådgjevar Stein Kollungstad, tlf. 22 24 58 83

Statssekretær Stein Lier-Hansen, tlf. 22 24 57 02