170,5 millionar til fiskerihamner

Dette innholdet er mer enn 7 år gammelt.

– Denne regjeringa har store ambisjonar for sjømatnæringa. Fiskerihamner er viktig infrastruktur for å få fisken på land, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Regjeringa foreslår å løyve 110 millionar kroner til statlege investeringar i fiskerihamner. Av det går 20 millionar til vedlikehald av eksisterande fiskerihamner, medan 90 millionar går til gjennomføring av prosjekter i Mehamn og Båtsfjord.

– For sjøtransport, næringsliv og fiskeri er hamnene viktige. Prosjekta betyr òg mykje for den lokale næringsutviklinga. Regjeringa ønskjer å legge til rette for næringsutvikling ved mellom anna å styrkje infrastrukturen i fiskerihamnene, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.  

I tillegg kjem 60,5 millionar kroner til tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg. Stønadsordninga blir administrert av Kystverket, og kommunane må sjølv yte minst 50 prosent av finansieringa.

- Dette er eit godt spleiselag mellom stat og kommune. Så lenge kommunane er villige til å betale er det ein god indikator på at det er eit fornuftig tiltak dei vil i gong med, seier Sandberg.