Revidert nasjonalbudsjett

Løyver 150 millionar kroner meir til det statlege barnevernet

Barn i barnevernet som har behov for eit trygt tilbod i ein barnevernsinstitusjon, skal få det utan særleg venting. I dag er det for mange barn som ikkje får tilbod dei treng raskt nok. Regjeringa føreslår derfor å auka løyvinga til det statlege barnevernet med 150 millionar kroner til institusjonsplassar.

– Vi aukar løyvinga for å auke kapasiteten institusjonsbarnevernet. I dag manglar vi nok institusjonsplassar til barna med dei største behova. Regjeringa vil derfor auke talet på plassar for barn i denne målgruppa. Dette arbeidet kan ikkje vente, derfor prioriterer vi no midlar i revidert nasjonalbudsjett, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Regjeringa er i gang med å følge opp institusjonsutvalets NOU 2023:24, og la tidlegare i mai fram ein strategi med ei ny retning for institusjonsbarnevernet. Men omstillinga av barnevernet tek tid. Situasjonen ein no står i, der statlege plassar og rammeavtalane ikkje er nok til å dekke behovet, fører til at det også må gjerast fleire enkeltkjøp enn tidlegare lagt til grunn.

– Bufetat har bistandsplikt, og må tilby eit eigna tiltak når kommunane meiner eit barn eller ein ungdom har behov for tiltak utanfor heimen. Denne auken vil være viktig for barn og familiar som i dag ikkje får eit tilbod raskt nok, seier Toppe.

Regjeringa forpliktar seg òg til å bygge opp fleire statlege plassar for ungdommar med store og samansette behov enn det som tidlegare er planlagt. Dette vil føre til auka kostnader i 2025 på om lag 60 millionar kroner.

Meir til omsorgssentera for mindreårige

I revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa også 19,6 millionar kroner i auka løyving til omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

Det blir anslått at det vil vera 182 barn i gjennomsnitt i omsorgssentera i 2024. Dette er 14 fleire enn det som ligg til grunn for løyvinga i 2024. Løyvinga til omsorgssentera for 2024 skal dekkja 50 plassar i Bufetats omsorgssenter, og kjøp av 118 plassar i private omsorgssenter. Det blir også foreslått 2 millionar kroner til auka tilsyn med omsorgssentera.