Auka deltaking for barn og unge i kulturaktivitetar

Regjeringa set av 33 millionar kroner til å få fleire barn og unge med på kulturaktivitetar.

– I heile landet har vi levande musikkmiljø som vi ønsker at fleire barn og unge skal kunne ta del i. Fellesskap og musikkglede er viktig anten ein driv med korps, kor eller band. Vi vil ikkje at økonomi skal vere eit hinder for å oppdage talent eller dyrke ei interesse, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Regjeringa foreslår at Norsk musikkråd skal fordele 20 millionar kroner av denne potten til lokal aktivitet. Norsk musikkråd organiserer mellom anna 1700 korps, 2200 kor, 1170 band og grupper og 170 spelemannslag. Pengane skal fordelast til dei nasjonale organisasjonane på musikkfeltet gjennom Frifondordninga.

I nysalderinga blir også 13 millionar kroner sett av til kultur på fritidsklubbane gjennom Ungdom og Fritids Fond.

– Fritidsklubbane er ein viktig arena og ofte ein inngangsport til å prøve seg i ulike kultursjangrar. Dei gjer ein viktig jobb med å inkludere ungdom i nærmiljøa, seier Jaffery.

I tillegg til denne satsinga på 33 millionar kroner satsar regjeringa på brede og enkle støtteordningar som full momskompensasjon for frivilligheita. Regjeringa jobbar også med ein handlingsplan for å få fleire barn og unge til å delta i kultur, idrett og friluftsliv.

– Å delta i fellesskapa som kulturen kan tilby, handlar om både meistring og gode opplevingar. Vi vil at fleire barn og unge skal kunne få med seg det. Det er viktig for oss at folk skal ha tilgang til kultur, uavhengig av kven dei er og kor dei bur, seier kultur- og likestillingsministeren.