Ei ny retning for eit betre barnevern

Det har over fleire år vore store utfordringar i institusjonsbarnevernet. Barn har mista livet mens det offentlege har hatt den daglege omsorga for dei. For mange barn flytter for mykje, får for dårleg helsehjelp og møter utfordringar med rus. No lanserer regjeringa seks konkrete mål og ei ny retning for eit betre institusjonsbarnevern.

– Barnevernsinsitusjonar er ein viktig del av velferdsstatens tilbod og samfunnets akuttberedskap. Det bur til ein kvar tid i underkant av 1000 barn på barnevernsinstitusjon.Til no har vi ikkje klart å gje alle barna den beskyttelsen dei treng, og har rett på. Med denne strategien vil vi stake ut ein felles politisk kurs for det langsiktige arbeidet med å gje god og samordna hjelp til barna som bur på barnevernsinstitusjon, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

For å setje ei tydeleg retning for institusjonsbarnevernet har regjeringa utforma seks mål: 

  1. Fleire barn som ikkje kan bu heime skal kunne få hjelp i kommunal regi.
  2. Barn som treng det skal få eit institusjonstilbod som gir dei ro og tilpassar seg behova og ressursane deira.
  3. Barn som bur på institusjon skal oppleve god omsorg, utviklingsstøtte og vern.
  4. Barn som bur på institusjon skal få god helsehjelp og eit skuletilbod som fremjar meistring og framtidsmoglegheiter.
  5. Barn med rusmiddelproblem skal få trygg og heilskapeleg hjelp.
  6. Barn med store og samansette behov skal få samordna hjelp og oppleve trygge overgangar.

Barna må få ro og stabilitet

Behovet for endringar i institusjonsbarnevernet er grundig dokumentert. Det var bakgrunnen for at barne- og familieministeren i 2022 oppnemnte Barnevernsinstitusjonsutvalet, som hausten 2023 la fram si utgreiing, NOU 2023:24 Med barnet hele vegen. Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit.

– Barnevernsinstitusjonutvalet har gitt oss eit godt grunnlag for ei ny retning for institusjonsbarnevernet der barna føler seg trygge, forstått og verdsett. Vi må byggje på dei ressursar barna har. Barn skal sleppe å flytte. Barna skal få helsehjelp, utviklingsstøtte og beskyttelse. Institusjonar skal opplevast som ein heim, og barn i barnevernet skal få ro og oppleve normalitet, seier Toppe.

– Regjeringa vil at born og unge skal oppleve ro, tryggleik og stabilitet, og sleppe flyttingar som ikkje er naudsynte. Vi har eit mål om at dei fleste born skal få eit tilbod i eigen region, nær familie og nettverk. Dette er flott ungdom, som har fått ein litt skeiv start på livet. Dersom vi lukkast med å gje dei den hjelpa og det tilbodet dei treng, vil barna og ungdommane fortsette å vere ein ressurs for samfunnet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Betre helsehjelp

Barn med rusutfordringar og psykiske lidingar skal få trygg og heilskapleg hjelp, og barn i barnevernet skal, som andre barn, motta den helsehjelpa dei har behov for og rett til, frå helse- og omsorgstenesta.

– Desse barna treng det beste vi kan gje dei, og dei treng stabilitet og føreseielegheit i helsehjelpa. Vi har allereie starta å jobbe med fleire av forslaga frå utvalet. Målet er at barn i barnevernet skal få betre helsehjelp og hjelp med rusproblem der dei bur. Derfor har vi bedt dei regionale helseføretaka om å planleggje for at alle barnevernsinstitusjonar skal vere knytt til eit ambulant helseteam som kan gje hjelp der barnet er. Vi vil også styrkje ruskompetansen hos personell som møter barn og unge, både i barnevernet og i helsetenesta, og vi vil samarbeide om å tydeleggjere ansvaret for rusbehandling for barn og unge, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Samtidig veit vi at berre ein av ti barn som bur på institusjon fullfører vidaregåande skule før dei fyller 21 år. Det gjer barna dårleg rusta for overgangen til vaksenlivet, og mange kjem aldri inn i arbeidslivet. Dette krev ein større innsats for å snu.

– For at det skal bli mogleg for fleire å fullføre skulen skal regjeringa frå august innføre ei fullføringsreform i vidaregåande opplæring. Denne vil vere spesielt viktig for ungdom som treng lenger tid på å fullføre, og som har behov for tilpassingar undervegs, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Eit felles ansvar

Barnevernsinstitusjonane har eit viktig samfunnsoppdrag som dei ikkje kan løyse utan forpliktande hjelp frå andre sektorar:

– Desse barna og deira familiar treng ofte hjelp frå fleire sektorar, og både kommunale og statlege tenester. Derfor er det viktig at denne strategien omhandlar meir enn barnevern. For å lukkast er vi avhengige av alle tek sin del av ansvaret for å gje god og samordna hjelp til barn som treng eit institusjonstilbod.. Det er vårt felles ansvar, og det ansvaret tar regjeringa på alvor, seier Toppe.

Sjå lanseringa i opptak her.

Les strategien her.

Fra pressekonferansen
Flere representanter for regjeringen deltok under presentasjonen av den nye strategien for barnevernets institusjonstilbud. F.v: statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap), Kunnskapsdepartementet; statssekretær Ellen Rønning-Arnesen (Ap), Helse- og omsorgsdepartementet; barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp); statssekretær Nancy Porsanger Anti (Ap), Kommunal- og distriksdepartementet og statssekretær John-Erik Vika (Sp), Justis- og beredskapsdepartementet. Foto: Bjørnar Refsland/Barne- og familiedepartementet