Historisk arkiv

Ny Stortingsmelding lagt fram:

Ein heilskapleg plan for bevaring av marin natur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Noreg forvaltar havområde med verdskjende fjordar, ein særprega skjergard, unike kaldvasskorallar, opne havområde og djuphav med verdifull natur på havbotnen. I dag legg regjeringa fram ei stortingsmelding med ein heilskapleg plan for bevaring av slike viktige område for marin natur.

-Havet er viktig både for verdas klima og naturmangfald, og Noreg har mykje hav. Vi har verna mykje viktig natur på land. No legg vi fram ein plan for korleis vi skal arbeide framover for å bevare viktig natur i havet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Barn på en strand med utsikt mot Lofothavet
Bunesstranda i Moskenes i Lofoten har utsikt til nokre av dei mest verdifulle havområda utanfor Norskekysten, Foto: Snorre Tønset/KLD

Noreg har lenge arbeidd med å ta vare på naturen i havet. I ein marin verneplan frå 2004 blei det identifisert 36 område til ei første fase med marint vern. Områda var i hovudsak kystnære, men einskilde ligg også lengre frå kysten. 16 av desse områda er hittil verna.

-Vi finn mykje verdifull natur i havet og i kystnære strok. No vil vi sjå på korleis vi skal komme vidare med å supplere den marine verneplanen frå 2004 med fleire nye verneområde. Vi ønsker å involvere både lokale og regionale aktører og styresmakter vidare i dette arbeidet, seier Rotevatn.

Utanfor territorialfarvatnet, som strekk seg ut til 12 nautiske mil, gjer vi dag bruk av ulike forvaltningstiltak, til dømes etter fiskerilovgivinga, som gir viktige bidrag til å bevaremarin natur, men har ikkje heimel til å opprette marine verneområde etter naturmangfaldlova. I meldinga varslar regjeringa ein gjennomgang av om og eventuelt korleis lovgivinga utanfor 12 nautiske mil kan forbetrast.

Noreg har slutta seg til internasjonale mål om bevaring av marine område. Regjeringa vil setje i gang ein eigen prosess for å gjennomgå og vurdere praksisen for rapportering av Noregs bidrag til å oppfylle dei internasjonale måla om bevaring. 

Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi, Havpanelet, som blir leia av statsminister Erna Solberg og president Surangel S. Whipps Jr. i Palau, støtter eit nytt globalt mål om å verne eller beskytte 30 prosent av havområda i verda.

-Noreg vil bidra i gjennomføringa av dei internasjonale måla. No legg vi fram ei stortingsmelding med viktige premiss for korleis dette kan skje og korleis vi må jobbe framover, seier Rotevatn.

I meldinga legg regjeringa også opp til å hente meir erfaring med å bevare havområde for å byggje opp igjen økosystem, og å kartleggje marine område som er viktige for karbonlagring med sikte på bevaring og å redusere effektar av klimaendringar.

-FNs tiår for havforsking startar i år. Noreg har solide miljø med kompetanse på livet i havet. Ein ny og målretta fagleg innsats retta mot å bevare marine område, restaurere natur og studere effekten på økosystema, kan gi verdifulle bidrag frå norsk side til kunnskapsutviklinga i dette tiåret, seier Rotevatn.

Last ned heile stortingsmeldinga her.