Fekk heider for smart bruk av geodata

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Geodata kan brukast til å sikre oss betre mot overvatn, til å kartlegge natur raskare og for å få meir kunnskap om mikromobilitet . Flomkuben frå 7Analytics, Field Group og Bymiljøetaten vann kvar sin kategori i årets kåring av gode døme på bruk av geodata.

Bilde av statsråd og vinnere
Statsråd Gjelsvik med prisvinnerne. F.v Andrine Gran, mobilitetsplanlegger i Bymiljøetaten i Oslo kommune, Max Koller, geodataspesialist i 7Analytics og Floris Groesz, seksjonsleder i Field Group Foto: KDD

– Eg er imponert over døma som er sendt inn til konkurransen. Dei tre vinnarane viser korleis geografiske data gir nyskapande tenester og produkt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

For tredje år på rad har Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og distriktsdepartementet heidra gode døme på bruk av geodata. I tre klassar blir det kåra ein vinnar, vurdert etter om løysingane bruker geodata på ein nyskapande måte, om det er til nytte for brukarane og kan brukast på nytt i andre løysningar, og om løysingane kan koplast til FNs berekraftmål.

Det kom  inn 14 forslag i dei tre klassane. Juryen frå Nasjonalt geodataråd har no vurdert kandidatane og plukka ut tre vinnarar.

Flaumkuben frå 7Analytics er eit verktøy som kan hjelpe arealplanleggarar, arkitektar og utbyggjarar med å ta omsyn til overvatn. Klimaendringane vil auke utfordringane med vatn; for mykje vatn i form av styrtregn og vatn på ville vegar fordi det ikkje har nokon stad å gjere av seg. Dette er viktig å ta omsyn til når nye tiltak blir planlagt framover - særleg i urbane strøk der små høgdeforskjellar som til dømes ein fortauskant kan ha store konsekvens for om hus blir utsett for flaum.

Field Group (tidlegare Terratec) har utvikla ei løysing som kartlegg naturtypar med bruk av fjernmåling og kunstig intelligens. Metoden er automatisk og brukar opne laserdata frå Nasjonal detaljert høgdemodell (NHD), flybilde frå omløpsfotografering og opne Sentinel-2 satellittdata (Copernicus/ESA).

Bymiljøetaten i Oslo kommune har utvikla ei innsynsløysing for data frå elsparkesyklar for å få meir kunnskap om mikromobilitet. Elsparkesyklar er plasseffektive og kan gjere storbyar meir framkommelege og mindre avhengige av biltrafikk. Kunnskapen gjer det mogleg å legge betre til rette for korte reiser i byen, ved at ein kan tolke reisemønster og tilbod både i notid og med historiske data. Løysninga er nyskapande og kan overførast til andre typar køyretøy, kommunar, fylkar og til Statens vegvesen.

I tillegg til vinnarane får Samferdsleavdelinga i Innlandet fylkeskommune heiderleg omtale for å ha oppdatert kartgrunnlag, ortofoto og punktsky med dronefotografering av anleggsområdet i samband med at ny Einunna bru vart bygd på fylkesveg 29 på grensa mellom Alvdal og Folldal. Rådata frå dronebilde og laserdata er handsama i tråd med produktspesifikasjonane for ortofoto og FKB-Laser 3.0, og tilgjengelege i nettløysningane Noreg i bilde og Høgdedata.

 

Geodata er data med direkte eller indirekte referanse til ein bestemt stad. Det kan til dømes vere adresser, grenser, stadnamn, høgder og terreng. Geografisk informasjon, staddata, kartdata og geodata blir ofte nytta om einannan.

Geonorge.no er den nasjonale nettsida for geodata i Noreg. Her kan du søke etter og få tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Nasjonalt geodataråd er oppnemnd av Kommunal- og distriktsdepartementet. Det bidreg til samarbeid om geodata, og gir råd om oppfølging av nasjonale strategiar for felles geografisk infrastruktur. Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og sekretariat for rådet.