Forsvarleg byggkvalitet: Skal greie ut forenklingar i kvalifikasjonskrava og betra reglar for tilsyn og kontroll

Byggereglane har stor betydning både for byggenæringa og for dei som skal kjøpe seg ein ny bustad. Men byggereglane har òg fått kritikk for å vere for omfattande og komplekse, og for å ha uklar effekt. Departementet har over tid motteke mange innspel frå aktørar i næringa, og i vår inviterte kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik næringa til drøftingsmøte. No fylgjer regjeringa opp og peikar ut retninga for det vidare arbeidet.

– Det er viktig å sikre føreseielege og gode rammevilkår for næringa. Regjeringa tek derfor no til orde for ei stegvis tilnærming i arbeidet med regelendringar. Det vil gi både styresmaktene og byggenæringa tid til å hauste erfaringar før vi tek stilling til ytterlegare tiltak, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fleire rapportar og utgreiingar har kome med forslag til endringar i byggereglane. Mellom anna føreslo Byggkvalitetutvalet ei større omlegging av reglane for byggesaksprosessen. Regjeringa set no i gang arbeid med utgreiing av forbetringar i reglane for tilsyn og kontroll i byggesaker, samt utgreiing av forenklingar i kvalifikasjonskrava innanfor dagens system.

– Trass i eit omfattande regelverk så klarer ein i mange tilfelle i dag ikkje å sikre god byggkvalitet. Derfor set vi no i gang arbeid med utgreiing av forenklingar i kvalifikasjonskrava, samstundes som vi greiar ut forbetringar i reglane for tilsyn og kontroll, seier Gjelsvik.

Direktoratet for byggkvalitet vil få i oppdrag å gjennomføre dette arbeidet, med føringar om at det skal skje i nær dialog med næringa. Oppdraga vil kunne innebere både lov- og forskriftsendringar. Oppstart vil vere til hausten, og siktemålet er at forslag til endringar kan sendast på høyring i 2025.

– Å få på plass eit betre system for kontroll og tilsyn er viktig for både forbrukarar, tilsette og seriøse aktørar i bransjen, og avgjerande for at useriøse aktørar skal oppleve at der er ein reell risiko for å bli oppdaga og stilt til ansvar, seier Gjelsvik.

Det har vore ulike syn på omfang og innretning på kvalifikasjonskrav i bygningsregelverket, og den frivillige ordninga Sentral godkjenning for ansvarsrett. Byggkvalitetutvalet føreslo å fjerne dagens kvalifikasjonskrav og erstatte dei med lovregulerte yrke innanfor brannsikkerheit, konstruksjonssikkerheit og geoteknikk. Samstundes føreslo dei å avvikle Sentral godkjenningsordning, og peikte mellom anna på at ordninga lett kan misbrukast.

– Regjeringa er opptatt av å gjere nøye vurderingar av kva kvalifikasjonskrav som skal gjelde framover og av ordninga med Sentral godkjenning. Det er ikkje aktuelt å skulle avvikle ordninga med Sentral godkjenning, irekna overgangsordninga, før ein har teke stilling til kva kvalifikasjonskrav som skal gjelde i framtida, seier Gjelsvik.