Framlegg om rettsleg grunnlag for digitalisering i gravplassektoren

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Barne- og familiedepartementet gjer i dag framlegg om eit rettsleg grunnlag for ei ny digital teneste innanfor livshendinga dødsfall og arv. Med tenesta «Digital gravferdsmelding» vil dei etterlatne kunne ta viktige val etter eit dødsfall digitalt.

– Brukarkartleggingar viser at etterlatne opplever prosessane etter eit dødsfall som krevjande og uoversiktlege. Den planlagte tenesta vil avløyse eit papirskjema for å gjere det enklare for dei etterlatne, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Regjeringa har mål om samanhengande digitale tenester ved viktige livshendingar, som dødsfall og arv. Første versjon av «Digital gravferdsmelding» er venta ved årsskiftet 2023/2024.

Departementet føreslår òg å oppheve Norske Lov 2-1 frå 1687 som fastset læregrunnlaget for den evangelisk-lutherske kyrkja i Noreg.

– Det er naturleg no at staten ikkje lenger definerer læregrunnlaget i Den norske kyrkja, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Det same læregrunnlaget går fram av kyrkjeordninga vedteken av Kyrkjemøtet.

Les: Prop. 55 L (2022–2023) Endringar i gravplassloven m.m. (digitalisering av gravferdsmeldinga og behandling av personopplysningar)