Frivillig sektor kan søke straumstøtte igjen

No kan frivillige organisasjonar søke om straumstøtte for tredje og fjerde kvartal i 2023. Ordninga er justert for å betre ta høgde for variasjon i pris og forbruk.

– Straumstøtteordninga for frivilligheita har no blitt betre og meir treffsikker, og vi har fått gode innspel frå frivilligheita i prosessen. Så kjem vi til å følge ekstra godt med på den første søknadsrunden for å sjå korleis justeringa slår ut, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. 

No skal det ikkje lenger tas omsyn til gjennomsnittlege månadsprisar på straum. Justeringa heng saman med endringane i Straumstønadsordninga for hushald som frå og med september 2023 bereknar støtte basert på straumforbruk og straumpris time for time.

Straumstøtteordninga for frivillig sektor skal ha om lag same støttenivå som i hushaldsordninga, men time for time-løysinga lèt seg ikkje gjennomføre på same måte i ordninga for frivillig sektor. Det er derfor laga ein alternativ modell som tek høgde for både pris- og forbruksvariasjon. Forslaget vart sendt på høyring til frivillig sektor før jul.

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga. Søknadsskjema og informasjon om ordninga er tilgjengelege på Lotteri- og stiftelsestilsynets nettsider.

Frivillige organisasjonar som kvalifiserer til støtte i ordninga må dokumentera straumforbruket per månad i søknadene.