Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2022

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om glede over midlar til jordvernstrategi i Ørsta kommune. Andre tema er støtte til rådgjeving for storfeprodusentar som har båsfjøs, Kulturlandskapsprisen, Matgledekorpset som inspirerer til mat- og måltidsglede for eldre, Kystskogkonferansen og nest høgaste treet i landet.

Glede over midlar til jordvernstrategi i Ørsta kommune

For ikkje mange år sidan var Ørsta kommune «jordvernversting» i Møre og Romsdal. Ørsta var kommunen som omdisponerte mest matjord til andre føremål. No er Ørsta først i fylket med å lage eigen jordvernstrategi.

I september fekk Ørsta 100 000 kroner frå Landbruksdirektoratet for å lage ein jordvernstrategi.  Målet med strategien er å auke kunnskapen om jordbruksareala og auke merksemda rundt jordvernet. Landbruks- og matminister Sandra Borch avslørte sjølv under eit folkemøte i Ørsta at den er ei av åtte kommunar i landet som har fått midlar til dette arbeidet. 

Viktig og omdiskutert

Landbrukssjef Liv Bente Viddal seier at Ørsta kommune set stor pris på å vere ei av kommunane som har fått midlar i 2022 til utarbeiding av ein jordvernstrategi. Jordvern har vore eit viktig og omdiskutert tema i fleire år, både i administrasjonen og blant kommunepolitikarane. Kommunen skal starte arbeid med arealdelen av kommuneplanen i år, og utarbeiding av jordvernstrategi vil passe godt inn i dette arbeidet, og den vil vere eit viktig grunnlag for vidare planarbeid. Jordvernstrategien har ikkje vore formelt handsama politisk enno, men saka vil verte tatt opp innan fristen 1. november.

Lågare omdisponering

Nasjonalt er det ei øvre grense på 3 000 dekar med dyrkamark som kan omdisponerast til anna føremål kvart år, men det er ønske om å redusere den nasjonale grensa til 2 000 dekar. I Møre og Romsdal er den øvre grensa for omdisponering på 200 dekar, men i høyringa for ny fylkesstrategi landbruk er det foreslått å senke grensa til maks 100 dekar omdisponert kvart år. Ørsta blir første kommune i Møre og Romsdal med å lage sin eigen jordvernstrategi. Bøndene seier det er ei gledeleg nyheit, og ynskjer å vere med i arbeidet. Ordførar Stein Aam ser også fram til å utarbeide ein jordvernstrategi for Ørsta kommune. Han seier at bøndene skal bli høyrde i arbeidet.

Ørsta.
Ørsta. Foto: Jorunn Ryste

Kontakt:
Frank Madsøy, tlf 71 25 84 03fmmrfrma@statsforvalteren.no

Frå bås til lausdrift - hjelp til fjøsløysingar

Krav til nye driftsbygningar gjer at storfeprodusentar som har båsfjøs i Møre og Romsdal kan få støtte til rådgjeving for omstilling. Støtte kan gjevast både til mjølkeprodusentar og til kjøt- og ammekuprodusentar.

Bønder som deltek i prosjekta får dekt 50 prosent av kostnaden til rådgjeving, med inntil 10 000 kroner. Norsk Landbruksrådgiving Nordvest er prosjekteigar, og samarbeider med TINE og Nortura. Prosjekta er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

2023 – eit nøkkelår

Frå 2024 stiller «Forskrift om hold av storfe» to nye krav til storfeprodusentane:

  • Krav om kalvingsbinge/omsorgsbinge for alle kyr
  • Krav om 16 veker med utegang (beite/mosjon)

Mange bønder er ikkje klar for å møte desse krava, og må ta grep i løpet av 2023. Fleire som driv i båsfjøs er også i tenkeboksen om kravet til lausdrift frå 2034. Men fyrst må flest mogeleg av produsentane over kneika i 2024. Eit av delmåla i prosjekta er å finne enkle løysingar for kalvingsbingar, slik at ikkje dette kravet vert det som veltar lasset og set ein stoppar for framtidig produksjon.

Fleksibel rådgjeving

Prosjekta legg opp til fleksibel og tverrfagleg rådgjeving for bøndene. Det inneber at bonden sjølv vel kven ein ynskjer som rådgjevar i prosessen. Det vert gjeve støtte til rådgjeving innan:

  • Byggrådgjeving
  • Økonomi, driftsplan og likviditetsstyring
  • Driftsoptimalisering
  • Strategi og veival

Respons

Responsen på byggprosjekta var veldig bra på nyåret og utover. Det har vore få søknader i sommar, men det er venta at dette vil ta seg opp utover hausten. Samla er det 47 produsentar som har søkt om støtte til rådgjeving.

Det har vore god søknad frå ein del kommunar og nesten ingen frå andre. Fordeling av søknadane i fylket er pr no:

  • Sunnmøre 45%
  • Romsdal 21%
  • Nordmøre 34%

Søknadsskjema

På utmarksbeite i Grøvudalen i Sunndal.
På utmarksbeite i Grøvudalen i Sunndal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Vi treng flest mogeleg med vidare!

Kumjølkproduksjonen står for 67 % av verdiskapinga til landbruket i Møre og Romsdal, og er dermed ein bærebjelke.

Dei nye forskriftskrava frå 2024 vert ei utfordring for storfenæringa. Gjennom dette prosjektet er håpet at flest mogeleg produsentar vert med vidare. Viss for mange av dei mindre buskapane fell frå, får det store konsekvensar for verdiskapinga, fagmiljøet, kulturlandskapet, trivsel og busetnad i bygdene. Difor er matproduksjon basert på grasressursane så viktig for vårt fylke – og vi treng flest mogeleg produsentar med vidare.

Kontakt:
Brit Kari Eidseflot Hauger, tlf 71 25 84 69, brkha@statsforvalteren.no

Eventyrlege Kårvatn fekk Kulturlandskapsprisen 2022

Eventyrlege omgjevnader, eit strålande seinsommarvêr og to veldig glade prisvinnarar sette ei fantastisk ramme for utdeling av Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2022.

F.v. Tove Lise Torve (fylkesordførar), Gudmund Kårvatn og Cathrine Kårvatn (prisvinnarane), Else-May Norderhus (statsforvaltar), Margrethe Svinvik (ordførar i Surnadal kommune) og Bjørn Ringstad (fylkeskonservator).
F.v. Tove Lise Torve (fylkesordførar), Gudmund Kårvatn og Cathrine Kårvatn (prisvinnarane), Else-May Norderhus (statsforvaltar), Margrethe Svinvik (ordførar i Surnadal kommune) og Bjørn Ringstad (fylkeskonservator). Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Lars Levende Jacobsen

Tysdag 7. september var ein flott dag på fjellgarden Kårvatn i Todalen i Surnadal kommune. Då blei Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal 2022 gitt til Gudmund og Cathrine Kårvatn. Dei får prisen for å ta vare på kulturlandskapsverdiane og utvikle moglegheitene på garden som ligg ved foten av Trollheimen.

Prisoverrekking, talar og helsingar

Det var landbruksdirektør Frank Madsøy som ønska velkommen og orienterte om programmet. Prisvinnarar og gjester fekk høyre ein flott feleslått framført av folkemusikar Torgeir Leivdal. Etter det musikalske innslaget følgde gratulasjonstalar frå statsforvaltar Else-May Norderhus og fylkesordførar Tove-Lise Torve. Dei to delte ut prisen som består av eit tresnitt av biletkunstnar Lars Christian Istad, ein plakett, eit diplom og kr. 10 000.

Etter overrekkinga fekk prisvinnarane ordet og dei var tydeleg rørte.

– Ord blir fattige. Eg må halde igjen tårene her, sa den stolte prisvinnaren Gudmund Kårvatn. Dette er ei veldig stor ære for oss, og som ikkje minst motiverer oss til å fortsette vidare. Kårvatn la særleg vekt på at dei er heldige som er to om arbeidet på garden.

Ordførar Margrete Svinvik helsa frå Surnadal kommune. Ho sa at alle i kommunen er umåteleg imponert og stolte av Kårvatn og alt dei har fått til. Programmet blei avslutta med ein flott polsdans frå Torgeir Leivdal.

Etter det seremonielle var det tid for ein matbit med kortreiste råvarer. Til hovudrett var det anguskjøt frå Kårvatn og lokale grønsaker frå Oppstu-Øie i Surnadal. Til dessert var det rabarbrasuppe med yoghurt frå Todalen Meieri og honning frå same dalføre.  Alt traktert av Tor Rune Halset ved Hammerstuene på Surnadalsøra.

Lunsj med kortreiste råvarer på tunet.
Lunsj med kortreiste råvarer på tunet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas
Rabarbrasuppe med yoghurt.
Rabarbrasuppe med yoghurt frå Todalen Meier, og honning frå same dalføre. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/ Ragnhild Naug Aas

Omvising på ein godt driven gard

Etter lunsjen var det tid for omvising på garden og i nærområdet. Vi fekk høyre om historia til Kårvatn. Her har det vore gardsdrift sidan 1400-talet, men det har nok vore aktivitet lenge før den tid – kanskje alt sidan steinalder. Garden ligg i eit område med fleire historiske vegar mellom kyst og innland. Her finst fleire kulturminne frå ulike tidsperiodar.

Kårvatn er på heile 110 000 daa, og strekk seg inn i Trollheimen landskapsvernområde. Her er stor variasjon i flora og naturtypar, frå frodige dalføre til det skrinne høgfjellet. Det er mykje utmark til garden. Utmarka har gjennom heile garden si historie blitt brukt til husdyrbeite, seterdrift, skogsdrift, jakt og fiske.

Dyr og forsking

Gudmund og Cathrine er 12. generasjon som driv garden. Dei gjer det allsidig. Ein av pilarane er kjøttproduksjon med ammekyr. Kyrne utnyttar og held kulturlandskapet i hevd. På omvisinga fekk vi  helse på dyra og sjå resultata av beitebruken i utmarka. Cathrine har ein nær relasjon til dyra og har namn på alle. I tillegg til ammekyr huser garden høner, lama, hund, katt og gammelnorsk spælsau.

På omvisinga besøkte vi også den vesle forskingsstasjonen som ligg like ved garden. Her blir det tatt prøver av luftkvalitet og desse blir brukt som referansepunkt for den reinaste lufta i Nord-Europa. Kårvatn har også blitt brukt som referanse for det reinaste vatnet.

Kårvatn er ein fjellgard ved foten av Trollheimen, inst i Todalen.
Kårvatn er ein fjellgard ved foten av Trollheimen, inst i Todalen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Fjellturisme og butikk

Fjellturisme er ein annan grunnpilar på Kårvatn. Fjellturismen starta allereie opp på slutten av 1900-talet, og er i dag blitt en stor del av drifta på garden. Kårvatn er mellom anna tilknytt Den Norske Turistforeining, og er eit svært godt utgangspunkt for korte og lengre turar, både sommar og vinter. På slutten av dagen fekk vi omvising på «Kårvatn Fjellutstyr». Butikken vart etablert på garden av Gudmund for 30 år sidan. Bygninga som huser butikken er eit gammalt fjøs frå Oppdal. I 2009 vart det frakta derfrå og sett opp att på Kårvatn.

Vi takkar Gudmund og Cathrine for ein flott dag på Kårvatn og ynskjer lykke til med videre arbeid!

Statuen «Undervegs» 
Statuen «Undervegs» ønskjer deg velkommen til Kårvatn. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas

Lenker:

Kontakt:
Ragnhild Naug Aas, tlf 71 25 85 19, fmmrraaa@statsforvalteren.no

Inspirerer til mat- og måltidsglede for eldre

Matgledekorpset er no ute og besøker institusjonar i Møre og Romsdal som ynskjer å jobbe med matglede for eldre.

Det er seks institusjonar som skal få besøk av Matgledekorpset denne hausten:

  • Surnadal sykehjem
  • Tingvoll sjukeheim
  • Aukra omsorgssenter
  • Glomstua kjøkken, Molde
  • Sulatunet, Sula
  • Sykkylven bu- og aktivitetssenter

Fleire av institusjonane ynskjer å få til betre samarbeid mellom kjøken og avdelingar. Mange legg allereie i dag vekt på tradisjonsmat og kortreist mat, medan andre ynskjer det som satsingsområde.

Kjøkenet ut i avdelingane

Matgledekorpset utfordrar kjøkenpersonalet til å verte meir synlege ute i avdelingane. Dei kan bidra med aktivitetar som å partere eit lam eller lage mat som til dømes å steike fiskekaker eller bollar for god matlukt. Eit anna forslag er at kjøkenpersonalet av og til deltek i serveringa på avdelinga. Det vil gjere kokkane kjent med brukarane, og styrke samhaldet mellom kjøken og avdeling.

Matgledekorpset på Sulatunet.
Matgledekorpset på Sulatunet. Bak f.v. Anna Øien Sønslien, Merethe Bolstad og Olav Kåre Jørgensen i Matgledekorpset. Fremst kjøkensjef Ann-Christin Grøttå. Foto: Olav Kåre Jørgensen

To Good To Go

Matsvinn er eit viktig satsingsområde. Sulatunet er den fyrste institusjonen som brukar appen "To-good-to-go". Her sel dei mat som tidlegare vart kasta, og det har vore ein stor suksess.

Andre tiltak for å redusere matsvinn er å tilby små og heller fleire porsjonar, for å unngå at mat vert liggande att på fatet. Kjøkenet kan hente tilbake mat som ikkje vert ete og bruke den oppatt.

Matbilete

Hos fleire av institusjonane er det pleiarane som legg opp og serverer maten ute i avdelingane. Mange ynskjer opplæring til pleiepersonalet i korleis mat skal presenterast. Matgledekorpset føreslår at kjøkenet lagar ein bildebank av korleis rettane skal leggast opp. Alternativt kan kjøkenet legge opp ein porsjon for å illustrere korleis det skal gjerast.

Grønt er skjønt

Matgledekorpset set også fokus på det systematiske ernæringsarbeidet ute på institusjonane, med både over- og undervektsproblematikk. Også her er samarbeid mellom kjøken og avdeling viktig for å sikre tilpassa porsjonar og næringsrik kost til alle bebuarane.

På Surnadal sykehjem har dei eit prosjekt kalla «Grønt er skjønt». Her samarbeider dei med nabogarden som dyrkar grønsaker, med fokus på bruk og tillaging av grønsaker.

Leiing og kjøkenpersonale på Sykkylven bu- og aktivitetssenter
Leiing og kjøkenpersonale på Sykkylven bu- og aktivitetssenter med stort engasjement for matglede. Foto: Olav Kåre Jørgensen

Rammer rundt måltidet

Matgledekorpset oppfordrar til å lage ei fin ramme rundt måltidet, med oppdekking og pynting som lys, blomster og serviettar. Til sengeliggande sjuke kan gjerne maten serverast på eit brett med serviettar, lys og blomster.

Kontakt:
Brit Kari Eidseflot Hauger, tlf 71 25 84 69, brkha@statsforvalteren.no

Kystskogkonferansen «Verdiskaping og klima» 12. – 13. september i Molde og Åndalsnes

Stikkord for den vel gjennomførte konferansen er lokale verdikjeder, næringsnettverk, berekraft, sirkulærøkonomi, karbonlagring i skog, trelast og tilvekst, og karbonfangst og tømmerproduksjon.

Møre og Romsdal har ei lang historie med trebaserte næringar. Mellom anna har vi tradisjonar for å lage møblar, skip, dører og vindauge av tre. I dag har vi eit godt regionalt næringsliv basert på råstoff frå skog. Men det rare er at råstoffet ikkje kjem frå vestlandsk skog, ofte ikkje frå norsk skog i det heile.

Skal vi auke bruken av tre i bygg på ein berekraftig måte, må vi også nytte høvet til å bruke kortreiste råvarer. Det er eit potensial for auka avverking i Norge og Møre og Romsdal, fordi skogen har høg produksjonsevne og tilveksten er svært god. Enda meir berekraftig blir det om vi lukkast med ombruk og gjenvinning av materiale.

Skog og sirkulærøkonomi

Konferansen handla om skogbruket sin plass i sirkulærøkonomien, der innovasjon og nyskaping spelar ei viktig rolle for trebruken i framtida. Lang levetid for alle produkt er eit viktig prinsipp for sirkulærøkonomien. Byggenæringa er eit viktig ledd i verdikjeda til tre, frå tømmer til ferdig bygg. Denne næringa har eit stort potensial for å kutte utslepp ved å bli betre på ombruk, gjenbruk og resirkulering av material.  

Samarbeid om skog- og trenæring

Kystskogbruket er eit samarbeid mellom fylkeskommunane, statsforvaltarane og skog- og trenæring i kystfylka frå Agder til Finnmark. Felles mål er å løyse ut potensialet i skog- og trenæringa langs kysten. Konferansen blir halde årleg, og er retta mot politikarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar som ynskjer meir kunnskap om potensialet til skognæringa i det grøne skiftet, samt å delta i næringsutvikling basert på råstoff frå skogen.

Statsråd Sandra Borch
Statsråd Sandra Borch med sterkt engasjement for tømmer som råstoff i sirkulærøkonomien. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Åslaug Røberg.

Forankra i Regjeringa

På programmet var engasjerte politikarar, forskarar og næringsdrivande. Statsråd Sandra Borch understreka verdien som ligg i å utnytte potensialet i skogen, og ikkje minst potensialet i å vidareforedle meir norsk tømmer. Innlegget hennar stadfesta at innsatsen i kystskogbruket og fokuset til konferansen er godt forankra i Regjeringa.

Fekk innblikk i ulike produkt

Deltakarane fekk sjå produksjon av sengebotnar til Wonderland-senger laga hos Måndalen trevare, dei fekk høyre om den spektakulære bygginga av gondolstasjonen og Eggen restaurant, samstundes som dei fekk fleire lange glimt av den imponerande utsikten frå Nesaksla i Åndalsnes.

Skogkurs presenterte ein ny kalkulator som viser verdien ein går glipp av når skogen blir hogd for tidleg. Konsekvensane av for tidleg hogst viser seg å bli større i dei produktive skogane på kysten, til samanlikning med Austlandet. Dei siste 20 åra kan gran på Vestlandet doble volum og tredoble verdien. For tidleg hogst er også uheldig for skogen sin funksjon som karbonlager.

Konferansen ga verdifullt innsyn i verdikjeda til tre og tømmer på Vestlandet.

Sigbjørn Sørli (t.v.) hos Måndalen trevare i Rauma, som er spesialist på skreddarsydde treinnreiingar til mellom anna hotell og restaurantar. Til høgre Camilla Bersvendsen og Ole Bakke frå Skognæringa Kyst.
Sigbjørn Sørli (t.v.) hos Måndalen trevare i Rauma, som er spesialist på skreddarsydde treinnreiingar til mellom anna hotell og restaurantar. Til høgre Camilla Bersvendsen og Ole Bakke frå Skognæringa Kyst. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Åslaug Røberg.

Kontakt:
Christina Qvam Heggertveit, tlf 71 25 85 72, fmmrchhe@statsforvalteren.no

Rauma kommune har nest høgaste treet i landet

Ei edelgran i Rauma er målt til 53,1 meter med lasermåler. Dette gir ein førebels andreplass på topplista over høge tre. Men treet skal bli høgare.

Treet har i følgje dronebilete framleis langt toppskot og vil mest sannsynleg vekse godt dei næraste åra. Toppen på treet vart knekt for omlag 20 år sidan, og treet har no to toppar. Hadde det ikkje vore for toppbrekket ville nok treet leia høgdekonkurransen i Noreg. På same eigedomen blei det også målt ei douglasgran på 51,4 meter. Det gir ein fjerdeplass på topplista.

Høgast i Os

Det høgaste treet i Noreg som er målt er 53,7 meter og står i Os ved Bergen. Dei høgaste trea som er målt i Noreg er kjempeedelgran, douglasgran og sitkagran og er utanlandske treslag med stort vekstpotensiale. Alle står på Vestlandet. 

Edelgrana som er nest høgaste treet i landet
Edelgrana som er nest høgaste treet i landet på 53,1 m til høgre. Til venstre ei douglasgran på 51,4 m som er fjerde høgaste treet i Noreg. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kvifor så høge tre i Måndalen?

Måndalen har godt lokalklima. Kjempeedelegrana står i bratt skredmark med friskt sig av vatn. Det er no rundt 90 år og framleis i god vekst.

Uhøgtidleg konkurranse

Jakta på det høgaste treet er ein konkurranse initiert av firmaet 3D Analyse AS i 2020. Dei arbeider mellom anna med laserdata. Heile Noreg har blitt scanna med laser dei siste åra. Dette har gitt oss ein ny høgdemodell kalla bakkedata, og ein overflatemodell kalla trehøgdemodell. Differansen er dermed trehøgde. Dette har gjort det enklare å leite etter høge tre. Det vil nok framleis kunne dukke opp fleire høge tre. Trea i Måndalen fann ein via laserdata, og var ikkje tidlegare kjent.   

Tidlegare gartneri/planteskule

På tidleg 1900-tal var det gartneri på eigedomen der dei høge trea i Måndalen står. Eigarane var driftige personar som ville prøve ut fleire tre- og planteartar. Fleire av trea har vokst over 40 meter, mellom anna edelgran, sitkagran, douglasgran og lerk.

Kontakt:
Åsmund Asper, tlf 71 25 84 07, fmmrasas@statsforvalteren.no.