Fylkesnytt frå Vestland 1/2024

Her kjem ei ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese om korleis deling av kunnskap og erfaringar kan betre handteringa av det store problemområdet, landbruksplast på avvegar.

Rettleiar for fagdag om handtering av landbruksplast er lansert

Plastforsøpling i landbruket er eit veksande problem.  Deling av kunnskap og erfaringar frå alle som handterer landbruksplast er avgjerande  for å finne gode løysingar.

Fagdag
Fagdag om handtering av landbruksplast. Foto: Bastian Hoffmann, SFVL

Plastforsøplinga har dimensjonar som enno ikkje er fullstendig utforska, og der mange aktørar er involverte.

Etter at NORCE presenterte rapporten «Plast i elver på Vestlandet», som viser til landbruksplast i 43 elvar på Vestlandet, tok Statsforvaltaren i Vestland initiativ til eit møte med næringsaktørar, som brukar og handterer landbruksplast. Det er ein samansett problemstilling, der mange er involverte og der handteringa er kompleks og utfordrande. Dette må løysast i fellesskap, til dømes ved å etablere ei open plattform for diskusjonar: Forum Landbruksplast.

Forumet var opphavleg tenkt som eit nettverk for Vestland, men viste seg raskt å vere aktuelt for aktørar over heile landet. Dette vart starten for eit nasjonalt forum for landbruksplast, med representantar frå offentleg forvalting, forsking, utvikling, rådgjeving, entreprenørverksemd, sal og distribusjon, renovasjon, frivillige og fagorganisasjonar.

Fysisk og digital møteaktivitet blir til samarbeid på tvers av fylkesgrensa

Forumet kom til i koronatida, og dermed var det låg terskel for digital deltaking frå alle delar av landet. Fire forumsmøte i året, fag- og markdagar, hybridseminar (digital og fysisk deltaking), og meir kontakt mellom medlemmene, har ført til meir samarbeid. Tema har vore konkrete aktivitetar, praktiske og kunnskapsretta tiltak i  regionar og organisasjonar, frå gard til forsking, frå betre handtering og innsparing av plast til opprydding.

Frå tastatur til praktiske tiltak og kunnskapsformidling: praksisorientert rettleiar til gjennomføring av fagdag om rett plasthandtering

I 2023 tok Forum landbruksplast initiativ til å utvikle ein rettleiar for gjennomføring av fagdagar. Dette er eitt av fleire tiltak for å fremje berekraftig og lovleg handtering av landbruksplast. Den praktiske rettleiaren er utvikla av medlemmene i forumet, og støtta av Statsforvaltaren i Vestland og Handelens Miljøfond. Den er laga for bønder, offentleg forvaltning, entreprenørar, renovasjonsselskap, rådgjeving, utdanningssektoren og andre, og legg opp til ein fagdag der ein deler kunnskap og erfaringar for å handtere plast på ein ansvarleg måte.

Kvifor er slik fagdag viktig for mange?

Merksemd om avfallshandtering 
Det er mykje vi ikkje kan sjå konsekvensane av, både i vatn og jord, når vi ikkje handterer plastavfall på rett måte. Å førebyggje miljøforureining har direkte verknad på  jordfruktbarheit, dyrehelse og trygg matproduksjon.

Erfaringsutveksling
Gode og dårlege erfaringar er til nytte for alle, for å finne gode løysingar på problema knytt til plasthandtering i landbruket.  Slik innsikt vil få fortgang i arbeidet med å  ordne opp i plasthandteringa for kvar enkelt gard, og dermed også på landsbasis.

Bionedbrytbar plast
Kva er fordelar og avgrensingar ved bruk av bio-nedbrytbar plast? Kva må vi kontrollere, for at bio-nedbrytbar plast skal fungere som løysing i arbeidet med å stoppe plastforureining?

Regelverk og retningslinjer
Den praktiske betydninga av lover og retningslinjer, som styrer handteringa av landbruksplast.

Kva hjelper rettleiaren konkret med?

Rettleiaren gir ei detaljert oversikt over korleis ein kan arrangere ein vellykka fagdag, frå planlegging til gjennomføring. Han inneheld tips til programinnhald og foredragshaldarar, og korleis du kan engasjere og informere deltakarane. Vidare gir han råd for å sikre at arrangementet blir interaktivt og lærerikt, med søkelys på rett handtering av landbruksplast.

Kontaktperson:
Bastian Hoffmann,
e-post: bastian.hoffmann@statsforvalteren.no,  tlf: 410 34 096.

Meir grønsaker på Bondens marknad i Bergen

Bondens marknad har i mange år ønska seg meir grønsaker på marknadene sine. Ein pilot starta i Vestland i haust, og bar frukter etter fleire års arbeid med å stimulere til auke i lokal småskalaproduksjon av grønsaker.

produsentar på stand
Nokre produsentar delte stand, andre hadde nok varer til å fylle ein stand åleine. Her er Nicola Trier fra Fana Markedshage, som produserer grønnsaker i testbeda på Stend vidaregåande skule. Foto: Matthijs van Meurs / Bondens marked Bergen

Arbeidet starta i Vestland i 2019, i  eit samarbeid mellom Bondens marknad, Norsk Landbruksrådgjeving og Statsforvaltaren i Vestland. I Vestland er det no 25-30 ulike småskala grønsaksprodusentar, også kalla marknadshagar. Ein tredjedel av produksjonen finn vi i bergensområdet. Produsentane har starta eit tettare samarbeid i år. I haust kunne vi handle frå fleire av produsentane på Bondens marknad, ved Bryggen i Bergen.

Annankvar laurdag kunne vi møte bognande standar, der produsentar selde eit mangfald av grønsaker. Mange av dei dyrkar  20-40 ulike kulturar på garden sin. Som kunde møtte vi kanskje ikkje den same produsenten kvar gong, men grønsaker frå ein lokal produsent fekk vi alltid handle. Dette tiltaket gjorde Bondens marknad i Bergen grønare og meir variert.

Statsforvaltaren i Vestland har, saman med Bondens marknad og Lystgården i Bergen, fått til eit samarbeid med Matarena, som arrangerer Matfestivalen i Bergen. For andre år på rad vil vi, dette året, finne grønsaker på fleire standar på matfestivalen i september. Nytt i år er eit tiltak for å få til eit samarbeid  mellom kokkar og  produsentar, slik at handmat, økologiske produkt og inspirasjonsrettar kjem ut til publikum under festivalen.

Kontaktperson:
Frøydis Lindén,
e-post: froydis.linden@statsforvalteren.no, tlf: 905 52 194

Ny handlingsplan for framsnakking av Inn på tunet

Slik vert ein jordnær og konkret handlingsplan laga: Ulike fagfolk, med eit mangfald av kunnskap, erfaring og nettverk, møtest og går på leit etter gode, praktiske løysingar.

Inn på tunet
Inn på tunet-tilboda gjev barn og unge meistringsopplevingar og praktiske læringsformer Foto: Olavsgarden

Statsforvaltaren har eit ansvar for å synleggjere Inn på tunet som aktuelt tiltak innanfor helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet. Gjennom eit godt tverrfagleg samarbeid har vi no laga ein handlingsplan for dei næraste to åra.

Inn på tunet-tilbod syner seg å vere ei bra for mange ulike tenestemottakarar. I denne jungelen av mogelegheiter kan det vera vanskeleg å nå fram med god, praktisk støtte. Med utgangspunkt i ei statleg satsing vil statsforvaltaren bidra med informasjon og hjelp i oppbygging, organisering og innhald.  Planen har derfor mange ulike tiltak, mange av dei direkte retta mot særskilde fagområde og målgrupper.

Den nye handlingsplanen for Vestland inneheld mål og aktuelle tiltak, særleg knytt opp mot mangfaldet av moglege tenester og kjøpargrupper. Helse- og sosialavdelinga, utdanningsavdelinga og landbruksavdelinga samarbeider om gjennomføringa.

Kontaktperson:
Ragna Flotve,
e-post: ragna.flotve@statsforvaltaren.no, tlf: 901 01 541.

Klimavenleg beiting

Sau på høgareliggande utmarksbeite vert premiert med eit nytt tilskot i Vestland. Stimulering til klimavenleg beiting er eitt av fem delmål bak tilskotet. 

Sau på fjellbeite
Sau på fjellbeite gjev klimavenleg beiting. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL

Tilskotet vart innført hausten 2023, og det ligg innanfor ordninga Regionale miljøtilskot i jordbruket i Vestland (RMP).

Sauen er den viktigaste landskapspleiaren i utmarka. I tillegg til å vere det beitedyret vi har mest av i utmarka, et han dei mest næringsrike plantedelane, han vandrar for å finne friske og næringsrike beite, og den låge kroppsvekta gjer at han legg att lite avtrykk der han går. Medan ku et gras og urter og geita i stor grad et kratt, lauv, kvist og bork plasserer sauen seg midt mellom desse, med eit svært variert kosthald. Den kløyvde overleppa gjer det lett for han å velje. Med denne store variasjonen i beiting, gjer sauen ein stor og viktig jobb som landskapspleiar.

Utmarksbeite er den tradisjonelle driftsforma for sau på sommarstid i Vestland. Tal sau i utmark går diverre nedover, men det nye tilskotet kan vere eit av fleire grep for å snu denne utviklinga.

Sauen si beiting i utmarka er viktig for å oppretthalde ope landskap og opne stiar, og beitinga er positiv for det biologiske mangfaldet. Beiting i utmark er også klimavenleg. Beiting i utmark produserer mat på areal som elles ikkje kan nyttast til matproduksjon. Dette er svært viktig i ei verd der verdsmatfatet allereie er for lite. Dessutan vil beiting over tregrensa, som dette tilskotet er innretta mot, vere klimavenleg, også ved å auke albedo-effekten (reflektering av sollyset). Denne effekten bidreg til mindre oppvarming.

Dei høgareliggande beita er dei mest verdfulle utmarksbeita, både med omsyn til beitekvalitet, dyrevelferd og klimavenleg beiting. Det nye utmarksbeite-tilskotet gjeld sau over eitt år, som beiter minst 5 veker på utmarksbeite, og der hovudbeiteområdet for sauen ligg minst 600 meter over havet. Føretaket må vere medlem i eit beitelag for å kunne søke.

Det er fleire delmål bak innføringa av tilskotet. Vi ynskjer mellom anna å stimulere til

  • at fleire sauer beiter i utmark
  • at dei beste utmarksbeita vert nytta
  • klimavenleg beiting i utmark, over tregrensa,
  • medlemsskap i beitelag (organisert beitebruk)
  • nye søkarar innan RMP

Sauebøndene i Vestland har teke svært godt imot det nye tilskotet, og faglaga i jordbruket i Vestland ynskjer tilskotet varmt velkommen. Allereie i 2023 (første søknadsomgangen) var det 998 føretak som søkte, og fekk tildelt tilskotet i Vestland, noko som er svært gledeleg. I 2023 hadde Vestland 476 fleire godkjende RMP-søknader enn i 2022. Dette er ein søknadsoppgang på 18,3%, noko som er ein historisk høg søknadsauke berre på eitt år.  Mange av desse nye søkarane søkte nettopp på tilskotet til sau på høgareliggande utmarksbeite. Tilskotet trefte såleis ei ny og stor målgruppe, noko som også var ein av grunnane til innføringa av tilskotet, jamfør delmåla over. 

Kontaktperson: 
Liv Astrid Nordheim Kusslid,
e-post: liv.kusslid@statsforvalteren.no, tlf: 57 64 30 87

Biorest kan gje auka forureining frå landbruket

I Vestland er det store planar for produksjon av biogass, og industriaktørane ønskjer å bruke bioresten som gjødsel på landbruksareala. Høgt næringsinnhald  i jorda kan setje ein stoppar for dette. 

 

jordbruksjord
På jordbruksjord der det har blitt gjødsla med husdyrgjødsel i lang tid, er jorda så næringsrik at det ikkje er behov for næringsrik biorest. Foto: Norsk Landbruksrådgiving SA

Biogass vert produsert frå husdyrgjødsel, matavfall og med avfall frå oppdrettsnæringa. Det er under planlegging biogassanlegg med om lag 500.000 tonn biorest i Vestland. Dersom bioresten skal spreiast som gjødsel på landbruksareal, må den bli spreidd på mange titals tusen dekar som i dag får lite eller ingen husdyrgjødsel. Vestland har mykje husdyr og delar av bioresten kjem i tillegg til den vanlege husdyrgjødsla. Då kan det bli tilført meir av plantenæringsstoffet fosfor enn det plantene tek opp, og overskotet kan renne ut i vassdraga og gje forureining der.

Å levere organiske avfallsfraksjonar til biogassanlegg er ein god måte å ta hand om avfallet på. I biogassanlegg blir det produsert verdifull gass som gjev oss meir energi. Næringsstoffa i bioresten er gjødsel som gras eller korn kan gjere seg nytte av.

Landbruksjorda i Vestland har ikkje plass til alt fosforet frå dei biogassanlegga som no er under planlegging. 50 år med aktivt husdyrhald og årviss spreiing av husdyrgjødsel har gitt  ei opphoping av næringsstoffet fosfor, og  Vestland er eitt av fylka der innhaldet er høgst. Men vi har også areal med lite fosfor, og dei areala har plass for noko biorest. Deler av bioresten må difor transporterast ut av fylket, og gjerne tilbake på kornjorda. Vi har også areal med lite fosfor, og dei areala har plass for noko biorest.

Landbruksministeren har varsla at det kjem ny forskrift om gjødsel, og at den både skal sikre nok næring til plantene og sikre at vassdraga våre ikkje vert forureina. Dette kan opne for målretta bruk av biorest på jordbruksareal, men også avgrense gjødsling med fosfor frå husdyrgjødsel, mineralgjødsel og biorest.

Dersom ein del av den produserte gjødsla frå biogassanlegg må transporterast ut av Vestland, er det viktig at dette no vert klart og tydeleg avklart. Dette er viktig for bedrifter som ønskjer å etablere biogassanlegg og for gardbrukarar som skal levere gjødsel eller ta imot biorest. Klare rammer er nødvendig før det vert inngått bindande kontraktar med bønder og bygd nye lager for biorest på gardsbruka.

Kontaktperson:
Øyvind Vatshelle,
e-post: oyvind.vatshelle@statsforvalteren.no, tlf: 55 57 21 78.