Gjølstad held fram som direktør for Sivil klareringsmyndigheit

I statsråd i dag blei noverande direktør i Sivil klareringsmyndigheit (SKM), Gudmund Gjølstad, åremålstilsett for ein ny periode på seks år.

Gjølstad (50) vart i 2018 utnemnd til den aller fyrste direktøren i det då nyoppretta direktoratet, SKM. Han kom frå stillinga som administrasjonssjef i Medietilsynet, kor han i ein kortare periode også var konstituert som direktør. Før det var han yrkesmilitær, med ein variert tenestebakgrunn.

Om Sivil klareringsmyndigheit

Sivil klareringsmyndigheit (SKM) er eit direktorat og forvaltningsorgan under Justis- og beredskapsdepartementet. Som den sentrale sivile klareringsmyndigheita er deira samfunnsoppdrag å beskytte nasjonale verdiar ved å redusere risikoen for innsidarar.

Dette gjer SKM:

  • Personkontrollar av personar i sivil sektor med behov for tryggingsklarering (sikkerhetsklarering) eller åtgangsklarering (adgangsklarering)
  • Gjennomfører tryggingssamtalar med personar som treng tryggingsklarering eller åtgangsklarering
  • Oppslag i nasjonalt register (registeret er ei oversikt over alle aktive vedtak som er fatta i klareringssaker, både positive og negative.