Hilde Singsaas utnemnd som direktør for Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Hilde Singsaas (51) er i statsråd i dag utnemnd som direktør for Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for ein ny periode på seks år.

Ho vart første gang utnemnd som direktør for DFØ i 2017 og vil nå halde fram i stillinga, i eit nytt åremål frå 15. august 2023. Singsaas har brei erfaring frå ulike administrative og politiske roller. Ho har òg vore tilsett som kommunikasjonsdirektør i Norges Bank.