Justisministeren opnar dei nye rettslokala i Volda

Stad:

Justis- og beredskapsminister Mehl reiser til Volda der ho blant anna vil opne dei nye rettslokala.

Ho startar dagen med eit besøk hos aktørar i den frivillige beredskapen. Besøket er hos Røde Kors Volda. Deretter står opninga av rettslokala for tur, klokka 11:00. Statsråd Mehl avsluttar dagen med eit møte med kommunen og lokale politikarar om rusreform.

Justis- og beredskapsministeren er tilgjengeleg for pressa etter opninga av rettslokala, klokka 13:30.

Politisk rådgjevar Torleik Svelle er med statsråden til Volda (mobil 466 75 564).