Presseintivasjon:

Kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og sentrale myndigheiter

Årets kontaktforum vert arrangert 27.-28. november på Litteraturhuset i Oslo. Kontaktforum er ein møteplass for dei nasjonale minoritetane sine organisasjonar og dei sentrale myndigheitene. Her vert saker av felles interesse for minoritetane tatt opp, og representantane frå dei ulike nasjonale minoritetane kan òg diskutere ulike saker seg i mellom.

Media er velkomne til Kontakforum.

Stad: Litteraturhuset i Oslo, rom Amalie Skram, Wergelandsveien 29

Program måndag 27. november

13.00: Velkommen – ved statssekretær Nancy Porsanger Anti

13.10: Kva har organisasjonane jobba med siste året?

14.00: Kva har myndigheitene jobba med siste året?

14.15: Spørsmål og dialog

14.30: Kaffipause

14.45: Kulturelt innslag

15.00: Panelsamtale med ungdomsrepresentantar

16.30: Samarbeid mellom organisasjonane om innspel til statsråden

Program tysdag 28. november

09.00: Helsing frå kommunal- og distriktsminister Erling Sande

09.10: Innspel frå organisasjonane til statsråden

09.30: Kvifor går det så tregt? – ved Petter Skarheim, departementsråd i Kommunal- og    distriktsdepartementet

09.45: Spørsmål og dialog

10.00: Kulturelt innslag

10.15: Kaffipause

10.30: Medverknad – innleiing frå minoritetane og dialog

11.30: Open mikrofon

12.45: Oppsummering og avslutning – ved statssekretær Nancy Porsanger Anti 

For påmelding send ein e-post til KE@kdd.dep.no