Viktig å kome i gang med ein normal kvardag

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

To år med pandemi viser at vi framover må ha gode rammer for alle barn og unge, slik at dei kan kome godt i gang igjen med ein normal kvardag. Sjølv om pandemien opplevast som over, må vi arbeide med dei konsekvensane den har gitt for alle barn og unge.

Den femtande rapporten frå koordineringsgruppa for tenestetilbodet til sårbare barn og unge, peiker på at pandemien har verka inn på alle barn og unge sin kvardag i nærmare to år. Heimeskule, sjukefråvær, karantene og isolasjon. Planlagde aktivitetar, reiser og studiar har blitt utsette og fritidstilbod har blitt borte. Det har vore vanskeleg å få nye venskap, pleie relasjonar og halde kontakt med familie som bur eit stykke unna.

Rapporten byggjer på informasjon som blei innhenta då det framleis var smitteverntiltak i Noreg. Då rapporten ble levert i slutten av februar 2022 var det framleis høg smitte i samfunnet, men tiltaka var avvikla.

Koordineringsgruppa melder at det har vore ein auke i tal og alvorsgrad på førespurnadene til psykisk helsevern for barn og unge. Fleire ser ut til å streva med angst, depresjon og alvorlege spiseforstyrringar. Barn og unge med foreldre som strevar med rus og psykiske lidingar og barn med funksjonsnedsetjingar kan òg ha fått det verre.

- Vi ser at dei mest sårbare har hatt dei største belastningane under koronapandemien. No som vi har avvikla alle smitteverntiltaka og kan leve som normalt, er det veldig viktig at vi bruker det vi har lært til å forbetre tenestene og styrke tilbodet til barn og unge, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Koordineringsgruppa melder om at det framleis er uro for omfanget av fråvær i tenestene som følje av koronasmitte, men at kommunane i stor grad holdar tenestene i drift til tross for utfordringane. Sjølv om konsekvensane av smitteverntiltaka har ramma skeivt og treft mange hardt, understrekar koordineringsgruppa at  Noreg har komme langt betre ut av pandemien enn mange andre land. Vi har i stor grad klart å halda tenestene til barn og unge opne. Tenestene er no jamt over tilbake i full drift.

Koordineringsgruppa har fire konkrete tilrådingar til myndigheitene. Dei anbefaler mellom anna at lågterskeltilbod og fritidsaktivitetar blir prioritert framover, fordi dei tilboda er spesielt viktig for unge som står i fare for å falle utanfor. Koordineringsgruppa tilrår også at laget rundt barna og elevane blir styrkt for å sikre betre samarbeid på tvers av tenester og betre oppfølging av elevane som treng hjelp og tilpassa tiltak. Koordineringsgruppa tilrår og at barn og unge blir involvert i tiltak som angår dei.

- Pandemien blir ein generasjonsmarkør for dei som er barn og unge no. Det kjem til å prege livet deira dei på ulikt vis. Vi treng meir kunnskap om konsekvensar av pandemien. Bufdir har no løyvd 24 millionar kroner til NOVA ved OsloMet til eit forskingsprosjekt som skal gje ny kunnskap og føreslå tiltak som kan dempe eller snu negative verknader av pandemien for barn og unges oppvekstvilkår, seier Toppe.

Her kan du lese rapporten (PDF).