Korleis kan kunstig intelligens skape eit likestilt samfunn?

Utanriksdepartementet og FN-sambandet inviterer til eit arrangement på den internasjonale kvinnedagen 8. mars, som skal rette søkjelyset mot korleis kunstig intelligens kan skape eit likestilt samfunn.

Korleis kan kunstig intelligens bidra til diskriminering? Bidreg skeive historiske data til at stereotypiske kjønnsroller blir reproduserte? Betyr det noko kven som lagar teknologien? Kva skal til for å sikre at teknologien fungerer like godt for alle?

Teknologisk utvikling er viktig for likestillinga. Digitale verktøy og nye teknologiske løysingar kan bidra til å jamne ut skilnader og gi alle nye moglegheiter, uavhengig av kjønn. Samtidig er digitale plattformer òg arena for kjønnsbasert trakassering og vald.

Å verne og fremje kvinners og jenters rettar er ein sentral prioritet for Noreg. Arrangementet er ei oppfølging av handlingsplanen for kvinners rettar og kjønnslikestilling i Noreg sin utanriks- og utviklingspolitikk (2023–2030). Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek.

Lyst til å lære meir? Bli med på markeringa!

Tid: Fredag 8. mars, kl. 14.00–15.30

Stad: Ingensteds, Brenneriveien 9, Oslo

Meld deg på her (forms.office.com) påmeldingsfrist er torsdag 7. mars, kl. 15.00).