Landbruks- og matministeren sitt hovedinnlegg under behandlingen av Dokument 3:4 (2023-2024) - Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet (Innst. 173 S (2023–2024), jf. Dokument 3:4 (2023–2024))

Heile saka på:

Eg trur det er sjeldan at kritikk frå Riksrevisjonen har vorte motteken med større begeistring enn denne rapporten, og eg meiner at rapporten peikar på veldig grunnleggjande ting.

Sikker tilgang på mat er avgjerande for beredskapen i eit land. Med klimaendringar og ei uroleg verd er det gode grunnar for at arbeidet med matsikkerheit vert løfta fram og ettergått av Riksrevisjonen. Eg meiner Riksrevisjonen har gjort eit godt og grundig arbeid på eit viktig område både for regjeringa og for landet.

Riksrevisjonen rettar kritikk på to område. Eg tek på stort alvor at Riksrevisjonen meiner det er kritikkverdig at jordbruksareala ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, og at det ikkje er tilfredsstillande førebuingar dersom det skulle oppstå vesentleg svikt i tilgangen på mat eller fôr. Regjeringa vil følgja opp dette i ulike saker til Stortinget, bl.a. gjennom oppfølging av totalberedskapskommisjonens arbeid og gjennom andre saker som vert fremja frå Landbruks- og matdepartementet.

Riksrevisjonen tilrår at Landbruks- og matdepartementet legg fram ei vurdering av kva for verkemiddel som kan nyttast for å auka sjølvforsyninga, og som samtidig tek omsyn til både dei preferansane forbrukarane har og situasjonen i marknaden. Regjeringa vil allereie denne våren leggja fram ei melding til Stortinget med ein strategi for auka sjølvforsyning.

Komiteen peikar i si innstilling på at gode inntektsmoglegheiter er det viktigaste verkemiddelet for å nå dei jordbrukspolitiske måla, og at det er ei hovudutfordring i jordbrukspolitikken å bidra til tilstrekkeleg lønsemd i jordbruket til å utnytta jordbruksresursane til produksjon av varer, tenester og fellesgode. Eg støttar denne vurderinga og vil leggja til at god lønsemd òg er avgjerande for å halda jordbruksareala i drift og i god hevd.

Regjeringa har satsa tungt på å løfta inntektene i jordbruket gjennom dei siste to jordbruksoppgjera, og me arbeider med ein plan for å auka inntektsmoglegheitene i jordbruket, som skal leggjast fram for Stortinget denne våren.

Drenering er viktig for å oppretthalda produksjonsgrunnlaget og produktiviteten i jordbruket. Riksrevisjonen peikar på dette og viser til at det vert drenert for lite areal i høve til kva som trengst. Eg er difor svært nøgd med at det i vår vart gjort ein auke på 60 pst. i tilskottet til drenering, og det har verkeleg sett fart på aktiviteten. Det er registrert ein stor auke i talet på søknader. Det viser at politikk verkar. Det viser òg kor viktig jordbruksavtalen og jordbruksforhandlingane er for å drøfta og prioritera viktige saker saman med jordbruket.

Riksrevisjonen peikar på at betydelege jordbruksareal vert bygde ned og omdisponerte kvart år. Det svekkjer produksjonsgrunnlaget. Regjeringa har allereie lagt fram ein ny nasjonal jordvernstrategi med eit nytt og skjerpa jordvernmål, og nye konkrete tiltak for å nå målet. Statistikken viser gledeleg nok òg at nedbygging av matjord over tid er på veg ned, men framleis er for høg. Eg stiller meg likevel bak Riksrevisjonens tilråding om å greia ut om verkemidla for å beskytta jordbruksareala bør styrkjast.

Eg merkar meg, og er glad for, at ein samla komité stiller seg bak både kritikken og tilrådingane frå Riksrevisjonen. Komiteen står òg samla i sine merknader i saka. No skal ikkje eg gå inn og tolka om merknader kan oppfattast som vedtak, og vedtak oppfattast som merknader, men regjeringa har tenkt å følgja opp det Riksrevisjonen seier, og det komiteen skriv. På svært mange punkt er me allereie i gang, og fleire punkt høyrer òg naturleg saman i oppfølginga av totalberedskapskommisjonen.

Det er ikkje alltid ein er veldig glad for å få kritikk frå Riksrevisjonen, og eg skulle ønskt at denne kritikken ikkje var nødvendig – at ting var på stell – men det er vel eit uttrykk for at ein ikkje tidleg nok har sett behovet for å skjerpa beredskapen. Denne regjeringa har teke beredskap på største alvor og er i gang med fleire av dei sakene som ligg føre, og det vil jobbast vidare på breitt grunnlag med å styrkja beredskapen i Noreg.