Statsbudsjettet 2023

Løyver meir pengar til kyrkjebygg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til istandsetting av kulturhistoriske viktige kyrkjebygg med 30 millionar kroner.

– Kyrkjebygga er av dei fremste kulturminna vi har her i landet. Dei fortel om både materialbruk, handverkstradisjonar, ritual, førestillingar og arkitektonisk utvikling frå mellomalderen og fram til i dag. Å sikre desse bygga for framtidige generasjonar er derfor ei viktig nasjonal oppgåve, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

Den auka løyvinga på 30 millionar kroner omfattar mellom anna arbeid med steinkyrkjer frå mellomalderen og er ein del av førebuingane fram mot nasjonaljubileet for slaget på Stiklestad i 2030. Totalt er det føreslått ei løyving på om lag 50 millionar kroner til kulturhistoriske viktige kyrkjebygg i 2023.

– Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for drift og vedlikehald av kyrkjebygga. For å komme vedlikehaldsetterslepet i møte har staten likevel gjennom mange år gitt kommunar tilskot til istandsettingsprosjekt, seier Toppe.

Bevaringsprogram og -strategiar for kyrkjer

I løpet av 2023 skal det dessutan utformast bevaringsprogram og -strategiar for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Det kan dreie seg både om istandsetting av sjølve kyrkjebygget og av interiøret til kyrkja. I tillegg vil ein sjå på korleis ein kan sikre kompetanse, formidling, engasjement og deltaking slik at desse bygga kan stå og ha verd også for kommande generasjonar, både som religiøse og kulturhistoriske bygg. Det er Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja som har fått i oppdrag å komme med tilrådingar i dette arbeidet.

Nasjonaljubileet 2030

I 2030 er det 1000 år sidan slaget på Stiklestad. Regjeringa ønsker at 1000-årsjubileet skal bli ei nasjonal markering, der Stiklestad Nasjonale Kultursenter skal vera navet i jubileet.

Regjeringa foreslår å løyve 2 millionar kroner til å dekke sekretariatsoppgåver som Stiklestad Nasjonale Kultursenter har i samband med arbeidet med 1000-års jubileet for kristninga av Noreg. Det føreslåast òg å løyve 3 millionar kroner til mindre årlege markeringar rundt om i landet, fram mot jubileet i 2030.

– Det er eit mål å bidra til at årlege, mindre markeringar før 2030 skal skape debatt, allmenn interesse og gi folk i heile landet kunnskap om korleis slaget i 1030 vart eit vendepunkt i norsk historie, seier Toppe.