Mål om å utrydde villsvin

Mattilsynet og Miljødirektoratet har overlevert ein revidert handlingsplan mot villsvin med tiltak for å nå regjeringas mål om å utrydda villsvin i Noreg.

Den auka innsatsen mot villsvin vart vedteke etter utbrotet av afrikansk svinepest hjå villsvin i Sverige 6. september 2023. I den reviderte handlingsplanen tilrår Mattilsynet og Miljødirektoratet fleire nye tiltak i tillegg til vidareføring av tiltak som allereie er set i verk.

– Villsvin utgjer ein stor fare for vårt kommersielle svinehald. Vi har satt inn fleire tiltak, og den reviderte handlingsplanen som vert lagt fram no, blir eit viktig bidrag for å nå målet om å utrydde villsvin, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Mattilsynet og Miljødirektoratet tilrår ei omfattande bestandsovervaking, for å kunne seie noko om effekten av andre tiltak og for å få ein oversikt over kor dyra er. Dei tilrår òg at det skal leggjast til rette for å kunne omsetja kjøt frå skutte villsvin.

For å redusere villsvinbestanden tilrår Mattilsynet å utvikle ein digital løysing for registrering av villsvinobservasjonar, samt at det setjast i verk tiltak for å effektivisere jakta.

For å betre beredskapen mot afrikansk svinepest tilrår Mattilsynet å innføre krav om at produsentar med utegåande svin i områder med villsvin skal ha villsvinsikkert gjerde. Dei tilrår òg at det skal greies ut kor det kan vere mest formålstenleg å byggja gjerde mot Sverige, samt korleis ein best mogleg sikrar områder med avfall som villsvin kan få tilgang på.