Nær 2,5 milliardar kroner til frivilligheita

For tredje år på rad sørgjer regjeringa for full momskompensasjon til frivilligheita. Det totale beløpet i denne ordninga i 2023 er på rekordhøge 2 498 millionar kroner.

– Frivilligheita er ein viktig berebjelke i samfunnet vårt, og dette er ei viktig ordning for alle typar lag og foreiningar rundt om i landet. Kvar dag trår frivillige til for dei som treng det mest - det blir ekstra tydeleg no i førjulstida når mange slit, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

I nysalderinga av budsjettet har regjeringa foreslått å sette av 430 millionar kroner ekstra til ordninga for å sikre full momskompensasjon i 2023.

– Sidan vi tok over i regjering har vi auka potten med heile 750 millionar kroner. Det har vi gjort fordi frivillige organisasjonar sjølv seier at momskompensasjonen er den viktigaste ordninga for sektoren. Dette er ei ubyråkratisk ordning som gjer at organisasjonane kan bruke tid på aktivitet framfor administrasjon, seier Jaffery.  

Lotteri- og stiftelsestilsynet, som forvaltar ordninga, har ikkje fullført sakshandsaming enda.

Til saman har frivillige organisasjonar søkt om kompensasjon på til saman 2 557 millionar kroner i 2023. Foreløpige tal viser at godkjent søknadsbeløp vil bli lågare.