Nasjonalt løft for kyrkjebygg

I dag blir bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg lagt fram av regjeringa. Strategien viser korleis pengane frå Kyrkjebevaringsfondet skal nyttast, og kva kyrkjer som er omfatta av dei tre bevaringsprogramma i strategien.

– Dagen i dag markerer starten på eit nasjonalt løft for å ta vare på kulturarven vår. Bevaringsstrategien er starten på ei historisk satsing og eit historisk samarbeid. Regjeringa vil sikre at vi dei neste 20–30 åra skal bruke inntil 500 millionar kroner årleg på å sette i stand kyrkjebygg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Kyrkjene er sentrale i alle norske lokalsamfunn, både som aktive kyrkjer, samlingsplassar, og kulturminne. Skal vi bevara denne kulturen, må vi sikre at kyrkjene ikkje forfell. Med denne strategien sikrar regjeringa at arbeidet med istand­setjinga av desse historiske bygga no blir sett i gang, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Midlane kjem som utbytte frå Opplysningsvesenets fond og tilleggsløyvingar over statsbudsjettet. Verdien av den samla statlege forpliktinga er tidlegare estimert til å vere i størrelsesorden 10 milliardar kroner. Deretter vil utbytte frå Opplysningsvesenets fond gå til same formålet, gjennom det vi har kalla eit generasjonsfond.

Ein viktig kulturarv

I tillegg til å vere ein grunnleggjande del av truslivet og den landsomfattande folkekyrkja, er kyrkjene ein viktig del av den norske kulturarven.

– Kyrkjene fortel om opptil 1000 års kulturhistorie og viser noko av det ypperste Noreg har produsert innan arkitektur, kunst og handverk. Kyrkjebygga, og gravplassane rundt, er viktige kjelder til både kunnskap og opplevingar. Dei fortel mellom anna om korleis det religiøse livet har vore levd, og dei fortel om arkitekturhistorie, handverkstradisjonar og materialbruk opp gjennom tidene, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Kyrkjene har òg hatt ei viktig administrativ rolle for statsapparatet, og er slik sett også ei kjelde til norsk politisk historie.

Omfattar alle freda og listeførte kyrkjer

Bevaringsstrategien er utarbeida av Barne- og familiedepartementet i samarbeid med Klima- og miljødepartementet sidan den både er en oppfølging av kyrkjefeltet og av kulturmijløpolitikken. Den omfattar det som kallast kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Det betyr alle freda og listeførte kyrkjer i landet, uavhengig av eigarskap. Unntaket er kyrkjer staten eig eller fullfinansierer, då desse har ein annan statleg finansiering. Totalt dreier det seg om i underkant av 1000 kyrkjer.

– I ramma av strategien etablerer vi tre bevaringsprogram: Eitt mellomalderkyrkjeprogram, eitt for kyrkjer som er oppført i perioden 1537 til 1850, og eitt for kyrkjer oppført etter 1850. Dette vil gjere det mogleg å innrette innsatsen i tråd med dei ulike behova frå dei forskjellige periodane, seier Toppe.

Det kan dreie seg både om istandsetjing av sjølve kyrkjebygget og av interiøret i kyrkja, og  det kan gjelde ulike sikringstiltak som til dømes klimasikring og utbetring av elektriske anlegg.

I tillegg skal det satsast på kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling, samt engasjement og deltaking. Kva tiltak som bør gjennomførast og kva kyrkjer som skal prioriterast er noko styret og programsekretariatet skal vurdere gjennom oppdraget.

Tilskotsordninga som midla skal lysast ut under, vil no bli sendt på høyring. Etter høyringa, vil hovudelementa i tilskotsordninga bli lagt fram for Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett. Under føresetnad av at Stortinget sluttar seg til hovudelementa, kan tilskotsordninga tre i kraft frå sommaren 2024 og midlar lysast ut.

Samarbeid mellom kyrkjelege og kulturmiljøfaglege miljø

Organiseringa av Kyrkjebevaringsfondet byggjer på ein samarbeidsmodell, kor ei skal nytte eksisterande kompetanse og system.

Barne- og familiedepartementet vil vere programeigar. Programstyret og programsekretariatet som blir oppretta for å følgje opp bevaringsstrategien, vil vere sett saman av ressursar frå både Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA.

Sekretariatsleiinga vil vere hos Riksantikvaren. Det vil sikre både kyrkjeleg og antikvarisk kompetanse i arbeidet.

– Eg er glad for at Riksantikvaren vil få ei sentral rolle i oppfølginga av bevaringsstrategien fordi Riksantikvaren har kulturmiljøkompetanse, som er relevant og viktig i bevaringsstrategiarbeidet, seier Bjelland Eriksen.

Det formelle forvaltningsansvaret vil liggje til Riksantikvaren, som eit statleg forvaltningsorgan. Programsekretariatet skal vere i Trondheim og vil bli lokalisert i Waisenhuset som ligg vis-à-vis Vestfrontplassen ved Nidarosdomen.

I tillegg skal det etablerast eit nasjonalt fagråd, som skal bidra med faglege råd og sikre bredden i interesserepresentasjonen, medverknad frå brukarane og fagkompetanse inn i arbeidet.

Les bevaringsstrategien.

Se strømming av lanseringen.

Bilde av de tre.
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Ragnhild Sjoner Syrstad, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og barne- og familieminister Kjersti Toppe i Melhus kyrkje. Foto: Rune M. Akselsen