Noreg støttar kampen for kvinners og ungdommars rettar med nesten 600 millionar kroner

FN sitt befolkningsfond, UNFPA er ein av Noregs viktigaste partnarar for helse, verdigheit og rettar for kvinner og unge menneske verda rundt. Noreg støttar FN-organisasjonen med 589 millionar kroner i kjernestøtte for 2024.

– Seksuell og reproduktiv helse og rettar, er eit av dei mest kontroversielle områda innan utviklingsfeltet, med sterke krefter som arbeider for å reversere framstega. UNFPA står fremst i kampen som ofte blir omtalt som «push forward, against the pushback». Dei er ein nøkkelpartnar for Noreg sine ambisjonar om ei meir likestilt verd der kvinner og unge menneskes rettar blir respekterte og gjer folk i stand til å ta styringa i eige liv, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

For 2024, bidreg Noreg med 589,6 millionar kroner i kjernestøtte til UNFPA. Det gjer FN-organisasjonen i stand til å respondere i dei mange krisane der jenter og unge menneske blir ramma, slik som konfliktane i Gaza og Sudan. Pengane støttar òg det mødesame arbeidet for å halde oppe kvinners rettar der dei er under press, og vere ein tydelege røyste for endring der kvinner blir nekta desse rettane.

– Vi er veldig takksamt for den langvarige partnarskapen med Noreg og tiltrua deira til vår evne til å betre liva til kvinner og jenter verda over, òg der krisane rammar. Fleksibel kjernestøtte er grunnlaget for UNFPA sitt arbeid for seksuell og reproduktiv helse og rettar og set oss i stand til å respondere raskt på uventa eller raskt eskalerande krisar. Noregs sjenerøse støtte vil hjelpe UNFPA å redde fleire liv og bringe oss nærmare ei verd med rettar og moglegheita for eigne val for alle, seier UNFPAs direktør, Dr. Natalia Kanem.

Annonseringa av Noregs bidrag skjer samtidig som parlamentarikarar frå heile verda er samla i Oslo for å diskutere seksuelle og reproduktive rettar for kvinner og unge menneske. Rettane til skeive, tilgang til abort, vald mot kvinner, urfolks rettar og seksualitetsundervisning er blant temaa som vil bli diskuterte på den åttande internasjonale parlamentarikarkonferansen om implementeringa av handlingsprogrammet frå den internasjonale konferansen om befolkning og utvikling i Kairo 1994. Gro Harlem Brundtland var til stades i Kairo, og heldt ein tale som er like aktuell i dag som i 1994.

– Eg beundrar desse modige politikarane som har ofra mykje i kampen for helse, verdigheit, og rettar for kvinner og unge menneske- ofte med fare for eige liv. Eg håpar dei finn inspirasjon og støtte i møte med andre modige politikarar her i Oslo og at vi saman kan bidra til framdrift på dette viktige området, seier Tvinnereim.