Noreg vidarefører dei norske styrkane i Litauen

Regjeringa har no bestemt å vidareføre dei norske styrkanes sitt nærvær i Litauen ut 2024. Det norske bidraget består av eit kompani på inntil 150 personar. Noreg har sidan 2017 vore ein del av Natos forsterkingsstyrke Litauen, kalla Enhanced Forward Presence (eFP).

Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkte norske soldater som tjenestegjør i Litauen. Her sammen med Senior National Representative (SNR) major Bård Thodesen.
Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkte mandag dei norske styrkane i Litauen i forkant av Natos toppmøte i Vilnius. Her saman med Senior National Representative (SNR) major Bård Thodesen. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Både statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkte mandag dei norske styrkane i Litauen i forkant av Natos toppmøte i Vilnius.

– Eg er stolt over innsatsen til dei norske styrkane i Litauen. Å forlenge oppdraget medan det pågår krig i Europa, er ei avgjersle vi som regjering tek med stort alvor. Vi gjer det vel vitande om at oppgåva er viktig og at vi har mykje å bidra med. Ved å dele kunnskap og erfaringar, gjer dei både Forsvaret og Nato betre, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Natos bidrag i Litauen er totalt på om lag 1600 personar, og det vart forsterka i 2022.

– Dei baltiske landa er våre allierte. Vårt nærvær styrkar tryggleiken deira. Derfor har regjeringa no bestemt å vidareføre dei norske styrkane sitt nærvær i Litauen ut 2024, seier Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre under besøket til Rukla leir i Litauen.
Statsminister Jonas Gahr Støre under besøket til Rukla leir i Litauen. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

– Dette er eitt av våre viktigaste militære bidrag til det internasjonale samfunnet akkurat no, og det er også vårt største styrkebidrag i utlandet. Eg er svært glad for at vi kan vidareføre dette ut 2024, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

eFP består av fire multinasjonale bataljonsstridsgrupper som held til i Latvia, Litauen, Estland og Polen. Det norske bidraget inngår i ei tyskleidd multinasjonal bataljonsstridsgruppe i Litauen. Dei held til i ein litauisk garnison i Rukla, omtrent ni mil utanfor hovudstaden Vilnius. Dei norske soldatane trener og øver saman med soldatar frå Tyskland, Belgia, Tsjekkia, Nederland og vertsnasjonen Litauen.

Les meir om bidraget hos: Litauen - Forsvaret