NSM-utvalet har overlevert sin rapport

NSM-utvalet har i dag overlevert rapporten sin til Justis- og beredskapsdepartementet. Rapporten er eit resultat av at regjeringa sette ned ei ekspertgruppe som har gått gjennom omstenda rundt låneavtalane inngått mellom NSM og Norwegian Property.

– Vi skal no følgja opp rapporten. Rapporten blir og sendt over til Stortinget i dag, og eg har tilbydt meg å komma til Stortinget for å halda ei utgreiing når dei måtte finne det formålstenleg, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl. 

Utvalet fekk før jul i oppdrag av regjeringa å gå gjennom omstenda rundt låneavtalen som NSM inngjekk i samband med leie av lokale i Snarøyveien på Fornebu.

Fredag vart rapporten frå utvalet overlevert til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

– Eg vil takka utvalet for ein grundig jobb, som dei har utført med kort tidsfrist. Eg vil no setja meg inn i funna og tilrådingane frå utvalet, og dei vil bli følgt opp av regjeringa, seier Mehl.

– Det som har skjedd i NSM er alvorleg. Det har vore viktig for regjeringa å få fram alle fakta om kva som har skjedd da NSM inngjekk denne avtalen, og om noko kunne vært gjort annleis i departementet.

Regjeringa sette ned utvalet etter at Justis- og beredskapsdepartementet avdekka at NSM hadde inngått ein låneavtale til ein verdi av 200 millionar hos utleiger av lokala, Norwegian Property. Låneavtalen vart inngått utan fullmakt frå departementet. Då Justis- og beredskapsdepartementet vart gjort kjent med avtalen, vart det omgåande sett i verk tiltak for å innfri lånet og for å avdekkja omstenda.

Som følgje av omstenda rundt låneavtala som NSM inngjekk, fråtredde dåverande NSM-direktør Sofie Nystrøm si stilling den 8. desember 2023. Generalmajor (p) Lars Christian Aamodt tiltredde som ny mellombels leiar frå 01. januar 2024.